Audio Adrenaline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Audio Adrenaline
Sjanger Rock
Aktive år 1989 - 2007
Plateselskap Forefront Records
Nettstad www.audioa.com
Medlemmer
Mark Stuart (vokal, gitar)
Tyler Burkum (gitar, vokal)
Will McGinniss (bass)
Ben Cissell (trommer)
Tidlegare medlemmer
Bob Herdman (låtskrivar, keyboard, gitar)
Jonathan Schneck (gitar, vokal)
Barry Blair (gitar)
David Stuart (keyboard, vokal)
Phil Vaughan
Ron Gibson (trommer)

Audio Adrenaline var eit USA-amerikansk, kristent rockeband som vart starta på slutten av 1980-talet i Grayson i Kentucky. Dei var eitt av dei store kristne rockebanda på 1990-talet, saman med Dc Talk og Newsboys. Bandet har vunne 2 Grammy-prisar og 5 Dove Awards.

Historie[endre | endre wikiteksten]

A-180[endre | endre wikiteksten]

I 1986 forma Mark Stuart, Will McGinniss, Barry Blair, David Stuart og Phil Vaughan bandet A-180. Medlemmene hadde treft kvarandre på Kentucky Christian University, og då dei i 1987 fekk Ron Gibson som ny trommeslagar, blei dei eit populært lokalband. A-180 gav ut to plater, You Turn (1989) og Reaper's Train (1990) utgjevne på kassettformat.

Rundt denne tida kom Bob Herdman til bandet og spurte om dei kunne spela inn to songar han hadde skrive, og A-180 svarte med å spela inn ein demo. Dei syntes songane var så bra at dei spurte Herdman om å bli med som låtskrivar. Demoen vart sendt på ymse lokalradiostasjonar og nådde slik øyra til Toby McKeehan frå Dc Talk. McKeehan informerte plateselskapet som også Dc Talk brukte, Forefront Records og selskapet gav bandet platekontrakt, men bad dei om å skifta namn. Det nye namnet vart Audio Adrenaline.

Audio Adrenaline[endre | endre wikiteksten]

David Stuart og Ron Gibson forlét bandet i 1991. Det fyrste albumet med Forefront Audio Adrenaline, kom ut i 1992 og selde 75.000 eksemplar. Oppfylgjaren Don't Censor Me kom i 1993 og vart den fyrste verkelege suksessen til bandet. På plata låg m.a. songane We're a Band og Big House. Sistnemnde vart ein svært velkjend låt i den kristne musikkverda og ein av dei mest kjende songane til bandet. Livealbumet Live Bootleg vart gjeve ut i 1995. I 1996 fekk Audio Adrenaline sin fyrste Dove Award for musikkvideoen til Big House.

I 1996 gav bandet ut albumet Bloom, som vart det siste med Barry Blair på gitar. Etter ein liten overgangsperiode kom 17 år gamle Tyler Burkum inn som ny gitarist. Han spelte gitar på nesten alle songane på neste album, Some Kind of Zombie frå 1997. Her var også Ben Cissell kome med som ny trommis. Songen Some Kind of Zombie gjorde at bandet fekk ein ny Dove Award i 1998. I 1999 kom studioalbum nummer fem, Underdog. Denne plata inkluderte også store hits som Hands and Feet og Get Down. Sistnemnde skaffa bandet sin tredje Dove Award i 2000. På denne tida varma bandet opp for Dc Talk på deira turné med Jesus Freak.

I 2001 gav Audio Adrenaline ut sitt fyrste samlealbum, Hit Parade, der m.a. Big House, We're a Band samt Hands and Feet var med. Her gjorde dei også ein duett med ska-bandet The O.C. Supertones. Etter dette forlét Herdman bandet for å bruka tida på det nye plateselskapet Flicker Records som han sjølv, McGinniss og Mark Stuart hadde skipa. Bandet bestod no av Stuart, Burkum, McGinniss og Cissell, ei besetning som skulle halda seg fram til bandet la opp. Same året gav bandet ut studioalbumet Lift, der Burkum for fyrste gong song vokal saman med Mark Stuart. Einskilde kritikarar har kalla Lift det beste albumet bandet har laga, og det fekk ein Dove Award i klassen Årets rockealbum.

I 2003 kom studioalbum nummer sju, Worldwide ut. Dette gjorde bandet fortent til sin fyrste Grammy i kategorien Best Rock Gospel Album. I 2004 starta bandet veldedigheitsprosjektet Hands and Feet Project som dei brukte til å byggja ein barneheim på Haiti. Audio Adrenaline sitt siste studioalbum, Until My Heart Caves In kom i 2005. Bandet vann sinn andre Grammy for dette albumet, framleis i kategorien Best Rock Gospel Album.

I 2006 kunngjorde bandet at dei hadde problem med vokal, særleg på grunn av skade på stemmebanda til Mark Stuart. Same året kom samlealbumet Adios ut. 28. april 2007 gjorde bandet sin siste konsert på WaikikiHonolulu. Konserten vart teken opp og gjeven ut same året som cd og dvd med tittelen Live From Hawaii: The Farewell Concert. Under Dove Awards fekk bandet prisen for beste langformats musikkvideo for dvd-en. Seinare har bandet også gjeve ut fleire samlealbum.

Andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Bandet har gjeve ut to bøker: Dirty Faith: Becoming the Hands and Feet of Jesus frå 2003 og Hands & Feet: Inspiring Stories and Firsthand Accounts of God Changing Lives frå 2006. Dei har dessutan vore skodespelarar i rockeoperaen !Hero, som handla om Jesu liv dersom han hadde vorte fødd i USA i moderne tid. Nokre av medlemmene er også aktive med plateselskapet Flicker Records.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • You Turn (1989)
  • Reaper's Train (1990)
  • Audio Adrenaline (1992)
  • Don't Censor Me (1993)
  • Live Bootleg (Live-album, 1995)
  • Bloom (1996)
  • Some Kind of Zombie (1997)
  • Underdog (1999)
  • Lift (2001)
  • Worldwide (2003)
  • Until My Heart Caves In (2005)
  • Adios (Samlealbum, 2006)
  • Live From Hawaii: The Farewell Concert (Live-album, 2007)
  • Greatest Hits (Samlealbum, 2008)
  • The Ultimate Collection (Samlealbum, 2009)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Some Kind of Zombie (1997)
  • Big House (Live) (1997)
  • Underdog (1999)
  • Dirty/Ocean Floor (2003)
  • Miracle (2004)
  • King (2005)
  • Melody (Lost In Wonder) (2005)
  • Get Down (2006)
  • Goodbye (2006)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]