Dc Talk
| Dc Talk | |
Frå venstre: Michael Tait, Kevin Max Smith og Toby McKeehan. |
|
| Opphav | USA |
| Sjanger | Hip-hop, rock, pop |
| Aktive år | 1988-2001 |
| Plateselskap | Forefront Records, Virgin Records |
| Nettside | http://www.dctalk.com |
| Medlemmer | |
|---|---|
| Toby McKeehan Kevin Max Smith Michael Tait |
|
Dc Talk var ei amerikansk kristen rock- pop- og hip-hop-gruppe. "dc" i dc Talk står for Decent Christian (ordentlig/skikkelig kristen). dc Talk var først kallenamnet til tobyMac. Gruppa utvikla seg til å bli ei av dei mestseljande kristne musikkgruppene gjennom tidene. Medlemmene var Kevin Max Smith, Toby McKeehan og Michael Tait.
Innhaldsliste |
[endre] Oppstart
Dei tre bandmedlemene kom saman seint på 80-talet i Lynchford, Virginia. McKeehan og Tait gav ut ein demo der ved namn "Christian Rhymes to a Rhytm". Etter dette vart også Kevin Max Smith med i gruppa, og dei signerte kontrakt med plateselskapet Forefront Records. Som regel var Tait og Smith vokalistar, medan McKeehan hovudsakleg rappa.
Den fyrste cden deira fekk tittelen DC Talk, og vart utgjeven i 1989. Dette er ein rein "old school" hip-hop-cd, det vil seia etter den stilen som var vanleg på den tida, og som høyrest svært annleis ut enn dagens hip-hop. Artistar som representerte denne musikkstilen var MC Hammer og Run DMC. På denne tida var Dc Talk enno berre ei lita kristen gruppe.
Allereie året etter kom utgjeving nummer to ut; cd-en Nu thang (1990). Same året kom jole-cd-en Yo, Ho, Ho! ut, som m.a. inneheldt nyinnspelingar av den gamle jolesongen We three kings of orient are. Framleis var det rein hip-hop gruppa produserte. Men Dc Talk voks i popularitet, og allereie i 1991 varma dei opp for den kjende amerikanske lovsongsartisten Michael W. Smith. Dei fekk ein Dove Award for Nu Thang.
[endre] Suksess
Den verkeleg store suksessen fekk ikkje bandet før utgjevinga av Free at Last (1992). Stilen på denne plata hadde endra seg ifrå dei to førre. Grunnmusikkstilen var framleis hip-hop, men hadde no innslag av både gospel, R&B, rock og pop. Kanskje gjorde dette plata meir stoverein for det kristne publikummet ho var laga for. Tittelsongen Free at Last inneheldt lydklipp sampla frå Martin Luther King sin mest namngjetne tale. Songtekstane dreidde seg rundt kristen livsstil og bodskap samt samfunnskritiske tema. Tre av songane på cden vart det laga musikkvideoar av, og cd-en fekk ein Grammy for "Best Rock/Contemporary Gospel Album." I 2002 vart ein film av turnéen bandet reiste på etter plateutgjevinga gjeven ut under namnet Free at Last: the Movie.
Populariteten til gruppa skulle stiga endå meir. I 1995 kom cd-en Jesus Freak ut, og her hadde musikkstilen tydeleg endra seg. Jesus Freak inneheld få spor av hip-hop, og er hovudsakleg ein rocke-cd. Albumet selde meir enn to millionar kopiar, og nådde opp på plass nummer 16 på den amerikanske Billboard-lista. Tekstane handla framleis om kristen tematikk, og samfunnskritikk (Colored People, What Have We Become). Etter utgjevinga av denne cden signerte gruppa ein kontrakt med det store plateselskapet Virgin Records. Difor, trass i ein klår kristen bodskap, vart Dc Talk no meir akseptert av det sekulære publikummet òg. Det vart laga musikkvideoar av fleire av songane, og ein av desse, Just Between You and Me, fekk mykje sendetid både på VH1 og MTV.
Turnéen til Jesus Freak fekk namnet The Freakshow Tour. Denne resulterte i den rockeprega live-cden Welcome to the Freakshow (1997), som inneheld songar frå både Nu Thang, Free at Last og Jesus Freak.
[endre] Supernatural og pausen
I 1998 kom Dc Talk sin siste reine studio-cd, Supernatural, med Virgin Records. Denne vart seld meir enn nokon kristen utgjeving til då, og nådde heilt opp til plass nummer 4 på Billboard-lista. Stilen på Supernatural går meir i retning av pop, men inneheld element av hard rock, (Supernatural) pønkrock, (Since I met you) og indisk musikk (Dive.) Supernatural resulterte i turnéen The Supernatural Experience, og ein video med det same namnet.
I 2000 erklærte Dc Talk at dei tok ein pause med bandet for å forfylgja solokarrierar, og gav i det høvet ut cd-en Intermission: the Greatest Hits. Denne inneheld songar frå både Free at Last, Jesus Freak og Supernatural. Nokre av songane som var rein rock eller hip-hop er litt mixa på denne cden for å høyrast meir ut som pop. Cden inneheldt også to nye songar, i genren pop-rock.
I 2001 gav Dc Talk ut cden Solo, med eigenproduserte songar frå kvar av dei tre medlemmene, og ein nyinnspeling av U2 sin song: 40. Etter dette gjekk tida, og alle tre bandmedlemma gav ut cdar med eigne, nye band, ganske ulike stilmessig. Mange vonar enno at gruppa vil sameinast ein dag. Gruppa har dei siste åra gjeve ut fleire samle-cdar med gamle hits.
[endre] Diskografi
- DC Talk (1989)
- Nu thang og Yo, Ho Ho! (1990)
- Free at Last (1992)
- Jesus Freak (1995)
- Welcome to the Freakshow (1997)
- Supernatural (1998)
- Intermission: the Greatest Hits (2000)
- Solo (2001)
[endre] Kjelder
- Engelsk Wikipedia sin artikkel om bandet.
- Offisiell heimeside