August Fleischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
August Fleischer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1841
Død

4. april 1931 (89 år)

Yrke ingeniør
Far Hans Kirkegaard Fleischer

August Fleischer (28. september 18414. april 1931) var ein norsk jarnbaneingeniør, fødd i Bergen. Han stod i fremste rekke i norsk jarnbanevesen heilt frå 1860-åra og fram mot den fyrste verdskrigen. Både som teknisk fagmann og som administrator gjorde han ein stor og viktig innsats. Han var òg ein aktiv foreiningsmann og mellom initiativtakarane til organiseringa av norske ingeniørar og arkitektar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Fleischer var son til ein seinare generalløytnant. I tida 1859-62 utdann han seg til bygningsingeniør ved den polytekniske høgskulen i Karlsruhe i Tyskland. Han fekk arbeid i Statens vegvesen, men allereie i 1863 gjekk han over til jarnbanevesenet, der han skulle kome til å arbeide det meste av sitt yrkesaktive liv. Fram 1871 jobba han som assistentingeniør ved bygginga av Randsfjordbanen, Drammensbanen og Kongsbergbanen.

1871 reiste Fleischer til Sverige, der han var anleggsstyrar for kontraktørfirmaet Sandel & Wessel under bygginga av privatbanen Hallsberg-Motala-Mjällby. År 1874 kom han attende til Noreg og tok del i planlegginga og bygginga av ei rekkje av dei nye jarnbanane som vart bygde på denne tida. Sin viktigaste innsats la han ned ved bygginga av Smaalensbanen (Østfoldbanen), fyrst som avdelingsingeniør og frå 1879 som overingeniør.

Perioden 1883-90 var Fleischer brannsjef i Kristiania. Han gjekk så attende til NSB, og som overingeniør arbeidde han etter rokes ved Solørbanen, Hamar-Selbanen og Hell-Sunnanbanen. I 1897 vart han utnemnd til banedirektør, ei stilling han hadde fram til 1910. Under denne perioden vart Bergensbanen bygd. I dette storverket i norsk jarnbanebygging spelte han ei aktiv rolle både som øvste administrator og som ingeniør, der han var med på å utforme dei tekniske løysingane.

1910-12 var Fleischer fungerande generaldirektør for statsbanane. Der etter var han eit par år kontrollerande ingeniør ved Holmenkollbanen i Kristiania.

Fleischer var i 1874 ein av stiftarane av Den Norske Ingeniør- og Arkitektforening (NIAF), og var ein aktiv foreiningsmann heilt til sine siste leveår. Han var formann i foreininga ein periode i midten av 1880-åra, dessutan ein periode formann i Fellesstyret mellom NIAF og Den Polytekniske Forening. I 1899 vart han utnemnd til æresmedlem i NIAF. Han var formann i den norske avdelinga av det nordiske Järnvägsmannaselskapet 1910–12.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]