Østfoldbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Østfoldbanen (tidlegare Smaalensbanen) er namnet på jernbanelinja frå Oslo, gjennom Follo til Kornsjø i Halden, der han går inn i Sverige som Dalslandsbanen.

Linja går med dobbeltspor frå Oslo S til Ski. I Ski deler Østfoldbanen seg i ei vestleg og ei austleg linje. Vestre linje går med dobbeltspor frå Ski til Sandbukta nord for Moss og så med enkeltspor til Rygge, dobbeltspor til Haug ved Råde, enkeltspor via Fredrikstad til Sarpsborg, Halden og Kornsjø (riksgrensa). Austre linje er enkeltspora og går frå Ski via Askim og Mysen til Sarpsborg.

Persontrafikken på Østfoldbanen[endre | endre wikiteksten]

På Østfoldbanen går det regionaltog mellom Oslo S og Halden, med nokre daglege avgangar fram til Gøteborg. Alle regionaltoga nyttar seg av vestre linje, som går gjennom dei store byane i Østfold. Lokaltoga på Østfoldbanen går i tre forskjellige ruter: Linje 500 går på strekninga mellom Skøyen stasjon i Oslo og Ski, med stopp på alle stasjoner. Linje 550 går på strekninga frå Spikkestad stasjon i Røyken kommune til Moss over Spikkestadlinjen og Drammensbanen til Oslo S, og derfrå på Østfoldbanen. Lokaltoga på denne ruta stoppar berre på nokre stasjonar mellom Asker stasjon, Oslo S og Ski stasjon. Linje 560 går på den austre linja, Indre Østfoldbanen, til Mysen og Rakkestad, og til liks med linje 550, stoppar toga berre på nokre utvalde haldeplassar mellom Oslo og Ski.

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Oversiktskart[endre | endre wikiteksten]

Kart over Smaalensbanen, 1884.
Teiknforklaring
BSicon BHF.svg 0,27 km Oslo S (1854)
BSicon HST.svg 5,95 km Nordstrand (1880)
BSicon HST.svg 7,18 km Ljan (1879)
BSicon HST.svg 8,68 km Hauketo (1925)
BSicon BHF.svg 9,85 km Holmlia (1988)
BSicon HST.svg 11,35 km Rosenholm (1988)
BSicon .svgBSicon STR.svgBSicon exLSTR.svg Follobanen[1] frå Oslo S, planlagt
BSicon .svgBSicon BHF.svgBSicon exBHF.svg 12,86 km Kolbotn, Kolbotn nye (1895)
BSicon .svgBSicon HST.svgBSicon exLSTR.svg 14,05 km Solbråtan (1939)
BSicon .svgBSicon BHF.svgBSicon exLSTR.svg 15,78 km Myrvoll (1919)
BSicon .svgBSicon HST.svgBSicon exLSTR.svg 17,36 km Greverud (1939)
BSicon .svgBSicon BHF.svgBSicon exLSTR.svg 18,25 km Oppegård (1879)
BSicon .svgBSicon eABZrg.svgBSicon exSTRrf.svg Follobanen, planlagt
BSicon HST.svg 20,12 km Vevelstad (1985)
BSicon exSTRrg.svgBSicon eABZrf.svgBSicon .svg Follobanen, planlagt
BSicon exLSTR.svgBSicon BHF.svgBSicon .svg 20,51 km Langhus (1989)
BSicon exSTRlf.svgBSicon eABZlg.svgBSicon .svg Follobanen, planlagt
BSicon BHF.svg 24,29 km Ski (1879)
BSicon BS2+l.svgBSicon BS2+r.svg
BSicon STR.svgBSicon HST.svg 1,53 km Drømtorp (1932)
BSicon STR.svgBSicon BHF.svg 5,78 km Kråkstad (1882)
BSicon STR.svgBSicon HST.svg 7,68 km Langli (1932)
BSicon STR.svgBSicon HST.svg 9,68 km Skotbu (1908)
BSicon STR.svgBSicon BHF.svg 12,89 km Tomter (1882)
BSicon STR.svgBSicon HST.svg 17,48 km Knapstad (1912)
BSicon STR.svgBSicon BHF.svg 20,32 km Spydeberg (1882)
BSicon STR.svgBSicon HST.svg 25,30 km Langnes (1932)
BSicon STR.svgBSicon BHF.svg 29,10 km Askim (1882)
BSicon STR.svgBSicon HST.svg 31,02 km Næringsparken (1994)
BSicon STR.svgBSicon HST.svg 35,02 km Slitu (1882)
BSicon STR.svgBSicon BHF.svg 39,47 km Mysen (1882)
BSicon STR.svgBSicon HST.svg 44,32 km Eidsberg (1882)
BSicon STR.svgBSicon HST.svg 49,14 km Heia (1896)
BSicon STR.svgBSicon BHF.svg 54,31 km Rakkestad (1882)
BSicon BHF.svgBSicon STR.svg 31,00 km Ås (1879)
BSicon BHF.svgBSicon STR.svg 38,00 km Vestby (1879)
BSicon HST.svgBSicon STR.svg 45,20 km Sonsveien
BSicon BHF.svgBSicon STR.svg 53,84 km Kambo (1898)
BSicon BHF.svgBSicon STR.svg 60,16 km Moss (1879)
BSicon BHF.svgBSicon STR.svg 69,28 km Rygge (1879)
BSicon BHF.svgBSicon STR.svg 77,01 km Råde (1879)
BSicon BHF.svgBSicon STR.svg 94,26 km Fredrikstad (1879)
BSicon BHF.svgBSicon STR.svg 109,47 km Sarpsborg (1879)
BSicon ABZgl+l.svgBSicon STRrf.svg
BSicon BHF.svgBSicon .svg 136,64 km Halden (1879) 2,8 moh.
BSicon GRENZE+BRÜCKE.svgBSicon .svg 169,9 km Sundet, Kornsjø Sverige
BSicon LSTR.svgBSicon .svg Noreg/Vänernbanan

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den 6. juni 1873 vedtok Stortinget å bygge Smaalensbanen. Anleggsarbeida, som sysselsette om lag 3000 mann på det meste, starta opp i 1875. Under eit besøk av Kong Oscar og Dronning Sophie i august 1878 vart linja mellom Råde og Hølen prøvekjørt. Vestre linje vart offisielt opna 2. januar 1879 og Austre linje vart opna i 1882.

På 1990-talet vart vestre linje kraftig oppgradert då det vart bygd dobbeltspor frå Ski til Sandbukta ved Moss og frå Såstad i Rygge til Haug i Råde.

Utbyggingsplanar[endre | endre wikiteksten]

Det finst framtidsplanar om å bygge dobbeltspor på heile strekninga Moss - Halden (i perioden 2020-2040). Strekninga Oslo - Ski skal få fire spor ved at det vert bygd ein ny dobbeltspora høgfartsbane, kalla Follobanen, før 2020. Nytt dobbeltspor gjennom Moss skal byggast. Truleg skal banen Moss - Fredrikstad byggast om til dobbeltspor, og eit nytt enkeltspor vert truleg bygd mellom Fredrikstad og Halden. Alternativt vert det bygd eit nytt enkeltspor frå Råde til Sarpsborg. Nesten heile strekninga Oslo - Halden kan då få 200 km/t som maksimal fart.

Eit problem med ei direktelinje Fredrikstad-Halden utan å gå om Sarpsborg, er at det trengst ein tunnel under elva Glomma, eller ei 39 meter høg bru over elva, like høg som Fredrikstadbrua, men mykje lenger. Dette er ikkje noko problem med strekninga Råde - Sarpsborg, som ikkje kryssar hovudløpet til Glomma.

Strekninga Halden - Kornsjø kjem ikkje til å byggast om ifylgje Jernbaneverket sine planer til år 2040. Den sterke stigninga ved Tistedal nær Halden (25 ‰) er for dyr å bygge om. Godstoga har to lokomotiv (hele vegen Oslo-Gøteborg og tilbake) og det kostar mindre enn ny jernbane.

Det finst òg forslag om på lang sikt å bygge høgfartsbane på heiel strekninga mellom Oslo og Gøteborg. Banen Oslo - Råde må då byggast ferdig etter planen, pluss ein ny bane Råde - Halden og utbetra eller ny bane fram til Kornsjø. På svensk side kjem strekninga Ed - Göteborg (på Noreg/Vänernbanan) til å kunne køyrast med ei gjennomsnittsfart på 138 km/t allereie i 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]