Aurikel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Aurikel | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Ericales | |
| Familie: | Primulaceae Nøkleblomfamilien | |
| Slekt: | Primula | |
| Art: | P. auricula | |
| Vitskapleg namn | ||
| Primula auricula | ||
Aurikel er ein planteart i nøkleblomfamilien. Namnet auricula tyder 'lite øyre' og viser til at blada liknar små bjørneøyre. Blada sit i rosett og er tjukke med tenner og breitt skaft. Stilken er bladlaus med ein liten klase blomster i toppen. Blomstrane har smal kronpipe med eit stort utbretta kronbrem. Den ville arten er lyst gul men det fins dyrka sortar med andre fargar.
Som hagevekst trivst planten best i sol eller halvskugge i steinparti og rabattar. Ein hardfør vårblomst med tofarga blomster i klase. Høgde kring 15 cm.