Vitskapleg namn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning av eit skallebein med vitskaplege namn på dei ulike delane påskrivne.

Vitskaplege namn er nemningar som blir brukt internasjonalt og vitskapleg om artar, sjukdommar, delar av anatomien og fenomen som har med desse å gjera. Desse nemningane blir ofte òg kalla latinske namn, ettersom dei gjerne tek utgangspunkt i latinske ord og bøyingsformer.

Vitskaplege namn gjer det mogleg å kommunisera presist for folk med ulik språkleg bakgrunn. Dei rydder òg opp i situasjonar der det same folkelege namnet blir brukt om liknande ting, til dømes artar som er i slekt.

Språkbruken har bakgrunn i den sterke stillinga til latin og gresk i den vestlege vitskapstradisjonen. I dag pregar òg andre språk, særleg engelsk, nylaga vitskaplege namn.

Innan samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking som språkvitskap og psykologi gje ein òg vitskaplege namn til ulike fenomen.

Vitskaplege namn på artar[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Biologisk systematikk
Blomar med vitskaplege namn skrive under.

Vitskaplege namn på artar er todelte. Førstedelen er eit slektsnamn som kan høyra til fleire artar med nær slektskap. Andredelen identifiserer arten innan slekta. Denne viser gjerne til ein eigenskap hjå arten, eller er basert på namnet til den som skildra han. Elles kan lokale namn òg inspirera det vitskaplege namnet.

I tillegg til den vitskaplege nemninga tek ein gjerne med namnet på den som skildra og namngav han, til dømes Linné, forkorta til L., eller Lamarck, forkorta til Lam..

Døme:

  • Quercus robur L., som er den vanlegaste eika: Sommareik. Slektsnamnet er Quercus (eik), og artsnamnet er robur som viser til at ho er robust, hard. Namnet på den som skildra arten er Carl von Linné, forkorta til L.


Når artar og artsgrupper blir namngjevne, er det gjerne meininga at namnet aldri skal endrast. Likevel skjer dette om ein finn ut nytt om slektskapet; som at ein art høyrer til ei anna slekt. Av og til får artar òg fleire vitskaplege namn ved ein feil. Då blir namna rekna som «synonym» til kvarandre, men eitt av dei blir hovudnamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]