Ave Maria
| Kristendommen |
| Utøving |
|
Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat | sakrament |
Ave Maria eller Ver helsa, Maria, òg kalla «Engelehelsinga», er ei katolsk bøn retta til Jomfru Maria.
Dei første fire linene er henta frå engelen Gabriels helsing til Maria i Evangeliet etter Lukas.[1] Dei tre siste linene er ei bøn om Marias forbøn. Bøna vert bruka både for seg sjølv og i kombinasjon med andre bøner, og er den mest framtredande delen av rosenkransbøna. Ave Maria er òg sentral i angelusbøna.
Bøna fekk ei sterk stilling i seinmellomalderen. Ho vart sungen fleirstemmig, som regel til ein gregoriansk melodi, alt på 1100-talet. I romantikken fekk ho ny aktualitet, mange komponistar har tonsett songen, spesielt kjende er Franz Schuberts opus 52/6 og Charles Gounods «Méditation», ein tilkomponert melodi over Bachs «Preludium nr. 1» (1722).[2] I den katolske salmeboka Lov Herren er ho teken med på nr. 755 med tone av Kirsten H. Jørgensen.[3]
Teksten [endre]
|
|
|
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hill deg, Maria» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.
- ↑ Luk. 1, 42ff
- ↑ Cappelens musikkleksikon 1978
- ↑ Lov Herren Katolsk salmebok St. Olav forlag Oslo 2000 ISBN 82-7024-117-2