Avon i Warwickshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om elva Avon i Warwickshire i England. For andre stader og elver med same namn, sjå Avon.
Avon
elv
none  Avon ved Royal ShakespeareTheatre i Stratford-upon-Avon i Warwickshire
Land Flag of England.svg England
Kjelde Naseby i Northamptonshire
Munning Severn i Tewkesbury
51°59′49″ N 2°9′25″ W
Lengd 137 km

Avon er ei elv som renn gjennom eller er grenseelv til Gloucestershire, Leicestershire, Northamptonshire, Warwickshire, Worcestershire i Midlands i England. Ho er òg kjent som Upper Avon, Warwickshire Avon (etter grevskapet ho har hovuddelen av løpet sitt i) eller Shakespeares Avon (fordi ho renn gjennom Stratford-upon-Avon der Shakespeare vart fødd. Namnet er ei anglifisering av det walisiske afon, som tyder «elv». Avon er 137 kilometer lang, med eit nedbørfelt på 2 670 km².

Elveløpet[endre | endre wikiteksten]

Avon har utspringet sitt nær Naseby i Northamptonshire. Dei første kilometrane, frå Welford til Dow Bridge ved Watling Street, er ho grenseelv mellom Northamptonshire og Leicestershire. Ho har på denne strekninga vorte demd opp i Stanford-reservoaret.

Elva renn så vidare meir eller mindre i vest-sørvestleg retning, rett nord for Cotswold Edge og gjennom Vale of Evesham. Ho passerer Welford, Rugby, Wolston, Leamington Spa, Warwick, Stratford-upon-Avon, Welford-on-Avon, Bidford-on-Avon, Evesham og Pershore. Avon renn så ut i Severn ved Tewkesbury.

Sideelvane til Avon er mellom andre Leam, Stour, Dene, Arrow, Swift, Alne, Isonbourn, Sherbourne og Swilgate, og dessutan ei rekkje mindre bekker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Avon i Warwickshire