Stratford-upon-Avon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stratford-upon-Avon

Hovudgata
Hovudgata
Plassering
Stratford-upon-Avon is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Warwickshire
Distrikt Stratford-on-Avon
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

25 505
Koordinatar 52°11′″N 1°43′″WKoordinatar: 52°11′″N 1°43′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer CV37
Telefon-retningsnummer 0 1789
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stratford-upon-Avon

Stratford-upon-Avon er ein by i Warwickshire i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Stratford-on-Avon. Byen er mest kjent som fødestaden til William Shakespeare.

Stratford vart grunnlagt i angelsaksisk tid, og vart ein marknadsby i løpet av mellomalderen. Byen ligg ved elva Avon, ikkje langt frå Birmingham.

På grunn av sambandet med Shakespeare kjem mange turistar til Stratford, omkring 2 millionar kvart år. Dette tyder at turisme er viktigaste næringsvegen. I tillegg er det ein del aluminiumsindustri, og båtbyggeri. Turismen fører med seg nokre problem, og innbyggjarane har i seinare år klaga på at det er vanskeleg å kome frå i byen på grunn av alle turbussane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk kart over Stratford, framstilt i 1902.

Stratford har opphav tilbake til bronsealderen, men særs lite er kjent frå denne tida. I romersk tid oppstod staden då romarane bygde veg og strekte ei bru over elva Avon. Arkeologiske spor viser at romarane har hatt ei lita busetjing her.[1] I januar 2011 vart det annonsert at det er funne leivningar av ein afrikansk mann, truleg mellom 40 og 50 år, i det som i dag er er Tiddington Road. Rundt 300 e.Kr vart mannen gravlagt. Han var moglegvis ein slave eller ein tidlegare romersk soldat. Knoklane til mannen fortel at han var kraftig bygd og at han ofte bar på særs tunge ting. Han leid av gikt i skuldra, hofta og i korsryggen. [2]

Rikard I gjorde landsbyen til ein marknadsby i 1196.

Det var først på 600-taletangelsaksarane invaderte det som i dag er Warwickshire at Stratford oppstod som ein landsby. Namnet Stratford er ei samansetning av angelsaksiske strǣt, moderne engelsk street, «veg», «gate» og ford, det vil seie vadestad på den staden som i dag er byen.

Området var først ein del av det angelsaksiske kongedømet Hwicce, som seinare vart ein del av det langt sterkare kongedømet Mercia. Området vart gjeve som herregods av kong Offa av Mercia til bispedømme Worcester, og biskopen og Worcesterkatedralen løyvde rettar så seint som på slutten av 1100-talet. Ved år 691 var det eit lite kloster på eller rett ved dagens soknekyrkje vigd til Den heilage treeininga. Den første dokumenterte referansen til gudsdyrking i området er eit charter frå 845 som gav privilegium til ei lita kyrkje som enno står, men klostret synst å ha bli nedlagt før 1066.

I løpet av høgmellomalderen voks landsbyen fram som ein marknadsby i. Dei opphavlege chartra til byen vart tildelt i 1196, gjeve av Rikard I av England, noko som gjer Stratford til offisielt over 800 år gammal. Grunnen var at jordbruket auka med høgare avkastning som følgje av skogen Arden var vorte rydda. Mor til William Shakespeare heitte Mary Arden, som viser til området Forest of Arden. Med marknadsbyen kom det handverkarar som smedar, snikkarar, skomakarar, bryggarar og bakarar. Den nye marknadsbyen voks opp eit stykke unna den gamle landsbyen, og det var ei tid fiendtlege motsetnader mellom den gamle og den nye, blant anna måtte dei nye byfolka nytte den gamle soknekyrkja. At dagens gater i Stratford er rette og organisert kjem av at den nye byen i 1196 vart grunnlagt i mellomalderen sitt gridsystem.[3]

Stratford vart kjent for industrien sin for malting, prosessering av bygg for brygging. Folkesetnaden bestod truleg av mellom 1000 og 1500 menneske. Lauga for Det heilage krossen vart oppretta i 1269 og hadde eit kapell som enno står. Lambert, Tim: A brief history of Stratford Upon Avon, Localhistories.org Lokaliseringen av det vekentlege marknaden låg antakeleg i Rother Street, men vart seinare omlokalisert til det som i dag er kryssa mellom High Street, Bridge Street og Henley Street, men vart i moderne tid tilbakeført til Rother Street. Sjølve namnet Rother Street peikar på sal av langhornet kveg.

Stratford ligg i nærleiken av Cotswolds med den vesle marknadsbyen rundt 16 km i sør. Som eit viktig område for sauedrift (hanskemakaren John Shakespeare, far til William Shakespeare, kjøpte og selde saueull ulovleg) var Stratford fram til siste halvdelen av 1800-talet den fremste staden for å slakte, marknadsføre og distribuere sau og ull som kom frå Cotswolds. Som ein konsekvens vart Stratford òg eit sentrum for garving i løpet av 1400- og 1600-talet. Både elva og den gamle romarvegen tente som handelsruter for byen. Ved 1300-talet var Stratford ikkje lenger eit lite herregods eigd av biskopen av Worcester, men eit sentrum for handel i regionen.

I 1769 sette skodespelaren David Garrick opp eit større Shakespeare-jubileum som førde til konstruksjonen av ein stor rotunde, ein rund bygning, og til stor tilførsel av vitjande for den tre dagar lange festivalen. Dette førde til det veksande fenomenet av å dyrke poeten som sidan har gjort Stratford til turistmagnet. Huset der Shakespeare vart fødd, vart kjøpt i 1847 og gjort om til eit monument.

Bestefaren på morssida til John Harvard (1607-1638) levde i eit hus i Stratford i dag kjent som Harvard House. I 1636 var John Harvard med på grunnleggje det amerikanske Harvard University i Massachusetts. I løpet av 1600- og 1700-talet vart Stratford verande ein roleg marknadsby.

Shakespeare-attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Fødestaden til Shakespeare

Ved breidda av Avon står Royal Shakespeare Theatre, som er heimen til Royal Shakespeare Company. RSC driv òg to mindre teater i byen, The Swan, som er innreidd som eit teater frå Elisabeth I si tid, og The Other Place. Bygningen Shakespeare vart fødd i er verna. To andre bygningar frå same tid, Hall's Croft og New Place. I førstnemnde budde dotter til Shakespeare, Susannah ein periode, og det sistnemnde står på same stad som eit hus han sjølv åtte. Shakespeare er gravlagt i Holy Trinity Church, der han òg vart døypt som born.

Rett utanfor byen ligg Anne Hathaways hytte, der kona til Shakespeare budde før dei giftet seg, og Mary Ardens hus, der mora hans voks opp.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Stratford ligg i nærleiken av Birmingham, og blir nådd via kryss 15 på M40. Stratford-upon-Avon stasjon har samband til Snow Hill og Moor Street i Birmingham, og til Marylebone stasjon i London.

Det er mange sykkelstiar i byen, og han er knytt til kanalnettverket. I 2006 vart det innført eit Park and Ride-system som har avgrensa biltrafikken i sentrum. Sykkelvegen Stratford Greenway går til Welford og Long Marston, og er ein del av National Cycle Network.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Know Britain: Stratford-Upon-Avon (I)
  2. «Fann 1700 år gammalt skjelett av afrikansk menn i engelsk småby», Aftenposten 26. januar 2011
  3. Stratford-upon-avon Town Trail