Axel Holst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Axel Holst

Fødd6. september 1860
Christiania
Død26. april 1931
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, patolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemKoninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Axel Holst (fødd 6. september 1860 i Christiania, død 26. april 1931) var ein norsk lege og professor i medisin, kjend for bidraga sine i kampen mot skjørbuk.[1]

Holst tok medisinsk embetseksamen i 1884 og vart dr.med. med ei avhandling om streptokokkar i 1892, begge ved Det Kongelige Frederiks Universitet. Ved same lærestad var han professor i medisin (1893–1930), og leia institutt for hygiene og bakteriologi. Han var rektor 1919-21 og var president i Den norske lægeforening (1898-99, 1902-03).

Holst er mest kjend for arbeidet sitt med Theodor Frølich og Valentin Fürst, der dei fann ei kopling mellom ernæring og skjørbuk, og påviste rolla til C-vitaminet.[2] Før det hadde han òg vesentlege bidrag til forståinga av mellom anna rolla til inneklimaet.[3] Han gav òg ut fleire bøker om hygiene.[4][5] Holst var soneson av statsfysikus og professor i hygiene, Frederik Holst, i tillegg til bror til dr.phil. Clara Holst.

Holst Point er eit nes i Antarktis som er kalla opp etter Axel Holst.

Verv og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Axel_Holst» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. K. Norum og H. Grav, Axel Holst og Theodor Frølich - pionerer i bekjempelsen av skjørbuk, Tidsskriftet for den norske lægeforening, 122:1686-7 (2002)
  3. Axel Holst, Mere om kjelderboliger og et punkt i kjelderparagrafen af udkastet til landsbygningslov, Tidsskr Nor Lægeforen 1894; 14: 81-6
  4. Holst, Axel, Skolehygiene. En oversigt for lærere. Kristiania 1917 (andre opplag)
  5. Holst, Axel, Hygiene. Oslo 1928

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]