Bârzava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bârzava
Brzava river near Konak, Serbia.jpg
Utspring Semenicfjella i Romania
- Høgd 850 moh
Munning Tamiš nær Botoš i Serbia
- Høgd 75 moh
Land i nedslagsfelt Romania Romania
Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 166 km
Middelvassføring 2,8 m³/s
Nedslagsfelt 1190 km²
Renn gjennom Reşiţa
Bârzava - Kart over Bârzava
Kart over Bârzava

Bârzava (rumensk Bârzava, serbisk: Brzava eller Брзава) er ei elv i Romania og Serbia. Bârzava er 166 km long og har eit nedslagsfelt på 1190 km² og munnar ut i Tamiš.

Namnet har slavisk opphav og tyder «den raske elva».

Romania[endre | endre wikiteksten]

Bârzava har utspring i Semenicfjella i Dei transilvanske Alpane aust i Romania og aust for byen Anina. Elva renn nordaustover og gjennom byen Reşiţa. Ho renn frå Transilvania og ut på den lågtliggande sletta Banat. Her snur ho sørvestover. Frå Denta og til ho munnar ut i Tamiš er ho kanalisert. Etter landsyen Partoş dannar ho ein del av grensa mellom Romania og Serbia før ho renn inn i provinsen Vojvodina i Serbia.

Serbia[endre | endre wikiteksten]

Brzava vert i Serbia ein del av det store kanalsystemet Donau-Tisza-Donau-kanalen. Ho munnar ut i Tamiš sør for landsbyen Botoš. Sjølv om elva her er karakteristert som ein kanal, kan ho ikkje nyttast til skipsfart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Bârzava River (Timiş)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
      • Atlas svijeta, Fifth edition (1974); Jugoslavenski leksikografski zavod
      • Administraţia Naţională Apelor Române - Cadastrul Apelor - Bucureşti
      • Institutul de Meteorologie şi Hidrologie - Rîurile României - Bucureşti 1971
      • Trasee turistice - judeţul Caraş [1]
      • Trasee turistice - judeţul Timiş [2]