BBC Two

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
BBC Two
Logoen til BBC
Starta 20. april, 1964
Eigd av BBC
Format PAL (576i) 16:9
Publikum 7.2%
(Juni 2008, [1])
Land Storbritannia
Søsterkanal(ar) BBC One,
BBC Three,
BBC Four
Nettside www.bbc.co.uk/bbctwo
Tilgjenge
På jorda
Analogt Normalt tuna til 2
Freeview Kanal 2
Via satellitt
Freesat Kanal 102
Sky Digital Kanal 102 og BBC UK lokal-TV på satellitt
Sky Digital (Irland) Kanal 142
Astra 2D 10773H 22000 5/6
Via kabel
Virgin Media Kanal 102
Ziggo (Nederland) Kanal 51
UPC (Nederland) Kanal 20
IPTV over ADSL
Tiscali TV Kanal 2

BBC Two er den nest største fjernsynskanalen som er eigd av BBC. Den spesialiserer seg på ei rekkje ulike emne, og søkjer å syne kunnskapspreiande og samstundes underhaldande program. På same måte som dei andre innanlandske TV-kanalane til BBC, er BBC Two reklamefri (finansiert av det offentlege). Likevel har kanalen langt fleire sjåarar enn mange kommersielle kanalar. Kanalen var då han starta opp i 1964 den andre TV-kanalen til BBC, og var også den første kanalen som sende i farge jamleg frå 1967 av.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein rapport frå 1962, Pilkington-rapporten, tilrådde at den tredje fjernsynskanalen i Storbritannia skulle bli tildelt BBC. Dei starta då arbeidet med å lage ein ny kanal, BBC2, noko som også gjorde at dåverande BBC Television Service blei omdøypt til BBC1 (seinare BBC One. Dei fyrste sendingane skulle opphavleg gå på lufta den 20. april, 1964, med lett underhaldning og ein liten markering av opninga på programmet. Dette skjedde ikkje, då det blei eit straumbrot berre ein dryg halvtime før programstart. Straumbrotet heldt fram, og kanalen kunne ikkje starta sendingane sine før på føremiddagen dagen etter. Det planlagde programmet blei derfor sendt på kvelden den 21. april.

BBC bestemte at serien The Forsyte Saga skulle profilere kanalen frå starten av. Dette lukkast, programmet trekte seks millionar til fjernsynet, eit godt tal når ein reknar med at berre ni millionar kunne få inn kanalen.

I juli 1967 starta kanalen opp med jamlege fargesendingar som nytta PAL-systemet. Kanalen var den fyrste som gjorde dette i Europa. BBC1 (no BBC One) og ITV (ein annan britisk kanal som starta sendingane før BBC2) følgde i november.

I nyare tid er BBC Two kanalen som fyrst berre blir kringkasta digitalt. Dette for å få dei gjenverande sjåarane med analogt nett over på det digitale nettet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]