BBC Parliament
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BBC Parliament er ein britisk fjernsynskanal frå BBC. Den sender direkte og i opptak frå det britiske House of Commons og House of Lords, utvalde komitear, den nord-irske forsamlinga, det skotske parlamentet, den walisiske forsamlinga, det europeiske parlamentet og andre aktuelle stader. Originalt var kanalen berre lyd, og då den blei tilgjengeleg på Freeview viste bilete berre på ein kvart del av skjermen. Etter tusentals sinte e-postar og brev, og ikkje minst spørsmål frå medlemer av parlamentet, fann dei nok bandbreidde til å sende kanalen over heile skjermen.
- Denne artikkelen har «BBC Parliament» frå Wikipedia på engelsk som kjelde, den 12. august 2008.
|
|
|||||
|---|---|---|---|---|---|
| Fjernsyn | BBC One · BBC Two · BBC Three · BBC Four · CBBC · CBeebies · BBC News · BBC Parliament · BBC HD · BBC Alba
|
||||
| Radio | BBC Radio 1 · BBC Radio 2 · BBC Radio 3 · BBC Radio 4 · BBC 5 Live · BBC Radio 1Xtra · BBC Radio 5 Live Sports Extra · BBC 6 Music · BBC 7 · BBC Asian Network · BBC Radio Scotland · BBC Radio nan Gàidheal · BBC Radio Shetland · BBC Radio Orkney · BBC Radio Wales · BBC Radio Cymru · BBC Radio Ulster · BBC Radio Foyle · BBC Local Radio · BBC World Service · BBC Russian Service · BBC Arabic · BBC Spanish · BBC Persian | ||||