BBC HD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

BBC HD er ein High Definition TV-kanal frå det britiske kringkastingsselskapet BBC som starta opp i Storbritannia den 1. desember 2007, etter prøvesendingar sidan 15. mai 2006. Den sender berre i High Definition. Utanfor sendetida vert det vist ein loop med klipp frå komande HD-program. Blant programma finn ein noko av det same som blir vist på til dømes BBC One. I Storbritannia viser kanalen òg ei rekkje sportssendingar i HD, mellom anna fotball-EM 2008 og OL i Beijing.

BBC HD i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den 3. desember 2008 klokka 06.00 om morgonen, vart BBC HD tigjengeleg i Norden. Dette er ikkje den same kanalen som i Storbritannia, men ein internasjonalt tilpassa utgåve[1]. For å få inn kanalen i Noreg lyt ein ha parabol eller kabelfjernsyn frå Canal Digital, men også andre distributørar som Get har vore i forhandlingar om å få distribuert kanalen. [2]

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

  1. Programoversik for Skandinavia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BBC:BBC HD makes its European debut
  2. Aftenposten:Mer BBC i Norge
Spire Denne medieartikkelen som har med BBC å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.