Bajazz Bigband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bajazz Bigband er eit amatørstorband i Oslo. Bandet vart etablert i 1977 og har full storbandbesetning med 17 faste medlemer. Besetninga består av fem saksofonar (alt (2), tenor (2) og bariton), fire trompetar, fire tromboner og komp (gitar, bass, piano og trommesett).

Storbandet speler mykje til dans, men held også jamleg konsertar, og har samarbeidd med artistar og komponistar som Erik Eilertsen, Håvard Fossum, Julie Dahle Aagård og Øyvind Brække. Bandet har delteke på festivalar som Balejazz, Sandvika Storbandfestival og Storbandfestivalen i Halden.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

«Om Bajazz på bajazz-bigband.com». Henta 20. september 2012.