Baldassare Castiglione

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Baldassare Castiglione (14781529), greve av Novilara, var ein framtredande forfattar og diplomat i den italienske renessansen. Han er truleg mest kjend for boka Il Libro del cortegiano (boka om høvisk framferd), som vart skriven i 1506, men ikkje utgjeven før i 1528.

Castiglione vart fødd nær Mantova, men studerte humaniora i Milano frå han var seksten år. Han var av adelsslekt, og laut gje opp studiane for å ta over som førar for familien etter at faren døydde. Nokre av pliktene hans vart utførde for huset Gonzaga som han hadde nær kontakt med. Han var og skyldt Gonzaga-familien på morssida. Castiglione tente ei tid hjå markien i Mantova, Francesco II Gonzaga og markisa, Isabella d´Este.

Frå 1504 budde han i Urbino. Han hadde fått løyve til å reise dit etter tenest, og vart løyst frå stillinga hjå Francesco. Hertuginna i Urbino var Elisabetta Gonzaga, søster av Francesco Gonzaga. Ho synte stor vørdnad for dikting og kunst, og her møtte Castiglione mellom andre Pietro Bembo, ein førande litteraturteoretikar i tida. Castiglione vart sterkt påverka av Vergil, og skreiv sine eigne ekloger etter mønster av denne.

Castiglione skreiv ein rad sonettar etter mønster av Francesco Petrarca og Pietro Bembo. Han skreiv både på Italiensk og Latin. Mange av kjærleiksdikta hans er skrivne til Elisabetta Gonzaga, som han næra sterke kjensler for, men aldri fekk. Han døydde av sterk feber i Toledo i 1529.

Libro del cortegiano[endre | endre wikiteksten]

Boka om høvisk ferd er skriven som ein dialog, i same stil som Kongsspegelen. Her set Castiglione opp ein rad med riddarideal som han meinte var naudsynte for ein adelsmann. Castiglione la vekt på Spezzatura, eit krav om at riddaren eller friaren skulle syne kunstene sine med takt, og syne at han var overlegen utan at dette verka udanna eller overkøyrande. Mellom anna skulle han syne kjennskap til musikk.

Han meinte og at kvinner skulle lærast opp i kunsta å spela og synge, og danse attåt. Men desse skulle og halde att og ikkje skryte i overmål. Boka heldt seg som eit ideal for ytre danning i mange år, og fekk innverknad på musikksynet i Italia.