Urbino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Urbino
Panorama Urbino.jpg
Byvåpenet til Urbino
Byvåpenet til Urbino


Plassering
Urbino is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Marche
Pesaro og Urbino
Borgarmeister Corbucci Franco
Geografi
Flatevidd
 - By

228 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

15 441
  66/km²
Koordinatar 43°43′″N 12°38′″EKoordinatar: 43°43′″N 12°38′″E
Høgd over havet 451 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 61029
Telefon-retningsnummer 0722
Nettstad: www.comune.urbino.ps.it

Urbino er ein by i provinsen Pesaro og Urbino i regionen Marche i Italia med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg sørvest for Pesaro og er ein verdsarvstad som er kjend for kulturen frå renessansen. Byen ligg i ei åsside og har bevart den vakre, mellomalderske utsjånaden. I byen finn ein Universitetet i Urbino frå 1506 og han er sete for erkebiskopen av Urbino.

Av bygg finn ein Palazzo Ducale, bygd om av Luciano Laurana.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den vetle romerske byen Urvinum Mataurense vart ein strategisk viktig stad under gotarkrigen på 500-talet og vart erobra frå gotarane i 538 av den austromerske keisaren Belisarius. Pippin den yngre gav Urbino til Kyrkjestaten, men han var stort sett sjølvstyrt fram til rundt 1200 då han kom inn under Huset Montefeltro. Dei hadde ikkje direkte kontroll over byen, men pressa kommunen til å velje dei til podestà som Bonconte di Montefeltro klarte i 1213. Dette førte til at innbyggjarane gjorde opprør og danna ein allianse med den sjølvstendige kommunen Rimini (1228), og i 1234 styrte dei igjen byen sin på eiga hand. I kampane mellom ghibellinarar og guelfarar var Montefeltro-herrane i Urbino på 1200- og 1300-talet leiarar for ghibellinarane i Marche og i Romagna.

Det mest kjende medlemet av Montefeltro-familien var Federico, herre i Urbino 1444 til 1482 og var ein særs suksessrik condottiere. Han var ein dyktig diplomat og ein entusiastisk kunst- og litteraturelskar. Han hadde flotte kunstnarar og forfattarar hos seg, som Piero della Francesca, Francesco di Giorgio Martini som skreiv Trattato di architettura her og Rafael sin far Giovanni Santi skreiv fleire dikt her.

Cesare Borgia kasta ut Guidobaldo da Montefeltre, hertug av Urbino, og Elisabetta Gonzaga i 1502, med støtte frå pave Aleksander VI, men dei kom tilbake i 1503 då Aleksander døydde. Etter at Medici-paven Leo X gjorde eit forsøk på å innsette ein ung Medici som hertug, vart Urbino styrt av Della Rovere-familien.

I 1626 innlemma pave Urban VIII hertugdømet inn i Kyrkjestaten for gott. Det flotte biblioteket vatr flytta til Roma og lagt til Det vatikanske biblioktet i 1657. Den seinare historia til Urbino følgjer Kyrkjestaten fram til 1870, og så Italia etter dette.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Urbino

Kjelder[endre | endre wikiteksten]