Ballater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ballater

skotsk-gælisk Bealadair
Kyrkja i Ballater. Foto: Colin Smith
Kyrkja i Ballater.
Foto: Colin Smith
Plassering
Ballater is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Aberdeenshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 446
Koordinatar 57°3′″N 3°3′″WKoordinatar: 57°3′″N 3°3′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer AB35
Telefon-retningsnummer 0 1339
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ballater

Ballater (Skotsk gælisk Bealadair) er ein by (town) i regionen Aberdeenshire i Skottland, med historisk status som burgh. Ved folketeljinga i 2001 hadde Ballater 1446 innbyggjarar.[1] I 2006 vart folketalet estimert til 1 520 innbyggjarar.[2]

Ballater ligg like austom Cairngormsfjella ved elva Dee. Byen har mykje turisme knytt til fotturar i Cairngorms nasjonalpark, og er òg kjent for det lokale kjeldevatnet som ein trudde hadde lækjande effekt mot struma.

Balmoral Castle ligg ca 14 kilometer vest for Ballater. Herregarden Birkhall ligg òg like ved byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Comparative Population Profile: Ballater Locality (engelsk). Scotland's Census Result OnLine. Vitja 27. juli 2011.
  2. Mid-2006 Population Estimates for Settlements in Scotland (engelsk) (Excel). General Register Office for Scotland (10. juli 2008). Vitja 27. juli 2011.