Aberdeenshire
| Aberdeenshire Aiberdeenshire Siorrachd Obar Dheathain |
|
|---|---|
![]() |
|
| Geografi | |
| Areal |
6 313 km² |
| Administrasjonsstad |
Aberdeen |
| Demografi | |
| Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
241 500 38,3 /km² |
Aberdeenshire (låglandsskotsk Cooncil o Aiberdeenshire, skotsk-gælisk Siorrachd Obar Dheathain) er ein av 32 sameinte regionar i Skottland.
Dagens Aberdeenshire er ikkje medrekna City of Aberdeen, som i dag er ein eigen region, som han har fått namnet frå. I lag omfattar den moderne regionen og byen det historiske Aberdeenshire, eit av grevskapa i Skottland som tidlegare var ei administrativ eining. Det gamle grevskapet, utanom City of Aberdeen, er i dag eit statthaldarskap. Statthaldarskapet grensar til statthaldarskapet Banffshire, Inverness-shire, Perthshire, Angus og Kincardineshire.
Aberdeenshire rådforsamling held til i Woodhill House i Aberdeen; det einaste skotske regionsrådet som har sete utafor grensene til regionen. Aberdeenshire grensar til Angus og Perth and Kinross i sør og Highland og Moray i vest. I nord og aust ligg Nordsjøen.
Sommarresidensen til dronning Elisabeth II, Balmoral Castle, ligg i Aberdeenshire.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Aberdeenshire» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2009.
[endre] Bakgrunnsstoff
|
|
||
|---|---|---|
| Aberdeen | Aberdeenshire | Angus | Argyll and Bute | Clackmannanshire | Dumfries and Galloway | Dundee | East Ayrshire | East Dunbartonshire | East Lothian | East Renfrewshire | Edinburgh | Falkirk | Fife | Glasgow | Highland | Inverclyde | Midlothian | Moray | North Ayrshire | North Lanarkshire | Orkney |Perth and Kinross | Renfrewshire | Scottish Borders | Shetland | South Ayrshire | South Lanarkshire | Stirling | West Dunbartonshire | West Lothian | Ytre Hebridane (na h-Eileanan Siar) | ||
