Banbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Banbury

Sentrum
Sentrum
Plassering
Banbury is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Oxfordshire
Distrikt Cherwell
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

41 802
Koordinatar 52°4′″N 1°20′″WKoordinatar: 52°4′″N 1°20′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer OX16
Telefon-retningsnummer 0 1295
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Banbury

Banbury er ein marknadsby i distriktet Cherwell i Oxfordshire i England. Folketalet var i 2001 41 802. Elva Cherwell renn gjennom byen.

I romersk tid låg det ein villa i Wykham Park rett ved byen. Det er ikkje funne nokre andre romerske busetnader i eller ved byen, som voks fram i angelsaksisk tid. Han kom under sterk dansk påverknad. I løpet av mellomalderen voks han sterkt på grunn av omfattende ullproduksjon.

I 1135 vart Banbury slott bygd av biskopen av Lincoln. Det var i bruk inntil borgarkrigen1600-talet, då det vart omleira. På grunn av nærleiken til Oxford var Banbury offisielt ein rojalistisk by, men innbyggjarane var kjent som strenge puritanarar. Etter krigen vart slottet rive.

Banbury vart verande ein landsleg marknadsby inntil Oxfordkanalen vart konstruert i 1790. Han medverka til stor vekst, og seinare vart dette forsterka av jernbanen, som kom i 1850. Dei viktigaste industriane i dag er produksjon av bildelar, elektriske apparat og aluminium, prosessering av matvarer og trykking. Dei gode kommunikasjonhøva er forsterka ytterlegare gjennom motorvegen M40 som går like ved Banbury.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]