Oxfordshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oxfordshire
EnglandOxfordshire.png
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Opphav Historisk
Region Søraust-England
Areal 2 605 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

639 700
245,6 /km²
Etnisitet 95,1 % kvite
1,7% sørasiatiske
Distrikt
OxfordshireNumbered.png
  1. Oxford
  2. Cherwell
  3. South Oxfordshire
  4. Vale of White Horse
  5. West Oxfordshire

Oxfordshire (forkorta Oxon) er eit grevskap i Søraust-England, som grensar til Northamptonshire, Buckinghamshire, Berkshire, Wiltshire, Gloucestershire og Warwickshire.

Det er delt inn i fem lokale distrikt: Oxford, Cherwell, Vale of White Horse (etter Uffington White Horse), West Oxfordshire og South Oxfordshire.

Grevskapet har ein stor turistindustri og er kjend for mange motorsportselskap og fasilitetar.

Den største byen Oxford og andre større busetnader er Banbury, Bicester, Kidlington og Chipping Norton nord i Oxford; Witney i vest, Thame og Chinnor i aust, og Abingdon, Wantage, Didcot, Wallingford og Henley-on-Thames i sør.

Det høgaste punktet i grevskapet er White Horse Hill i Vale of White Horse, på 261 meter over havet.[1].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå angelsaksisk tid har Oxfordshire vore viktig jordbruksland. Romarane grunnla ikkje nokre større stader i området og det var først då Oxford vart grunnlagt på 800- eller 900-talet at det oppstod større busetnader. Alfred den store var sjølv frå Wantage. Universitetet i Oxford vart grunnlagd i 1096.

Frå 1200-talet var området sentralt i handelen med ull frå Cotswolds.

Jernbanen vart utbygt fram til Didcot i 1839. Bilprodusenter etablerte seg der tidleg: Morris Motors i 1912 og MG i 1923. Etter kvart vart det særleg produksjon knytt til motorsport som dominerte bilindustrien i området. Jordbruket har vorte langt viktigare og i 2004 var det mindre enn 1 % av folkesetnaden som arbeidde innan jordbruksnæringa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oxfordshire

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www3.imperial.ac.uk/portal/pls/portallive/docs/1/587934.PDF%7C