Barry Matheson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barry Matheson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1941
Død

17. februar 2020 (78 år)

Yrke talent manager, impresario, platebransjeleiar

Patrick Barry Matheson (fødd 14. september 1941) er ein norsk forretningsmann og artistmanager, busett på Jessheim.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Matheson vart fødd i Sverige av britiske foreldre. Dei flytte til Noreg i 1946 og budde på fleire forskjellige stader før dei slo seg ned på Jessheim. Som syttenåring vart han med i sitt fyrste band, og han vart direktør i eit norsk plateselskap tjueto år gamal. Rundt denne tida stifta han òg Barry Matheson Music Productions AS. I 1966 skipa han også plateselskapet Continental Records. Under leiing av Matheson har Continental seinare utvidd seg til å omfatta fleire systerselskap, tre restaurantar og eitt hotel.

På sekstitalet stifta Matheson samarbeid med Arne Bendiksen. Bendiksen starta sitt eige plateselskap ved hjelp av Matheson sitt handelsbrev.[1]

Matheson sit i dag i styret til både Spellemannprisen, IFPI, GGF, Musicom og MediaMaskin. Han har også hatt fleire høgtståande stillingar innan musikk og kulturliv. Han har også m.a. vore manager for artistane The Vanguards, Terje Rypdal, Sissel Kyrkjebø[2], Secret Garden, Odd Nordstoga og Dance With A Stranger.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Matheson vart tildelt bransjeprisen under Spellemannprisen 2009 for lang og tru teneste innan norsk musikk. Han har også vunne Jessheimprisen for sitt lokale engasjement.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Matheson er gift med Inger Berit Nordengen, og dei har to born.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]