Secret Garden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rolf Løvland og Fionnuala Sherry i 2008.

Secret Garden er ein norsk-irsk duo som spelar neoklassisk musikk.

Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Secret Garden består av den norske pianisten og komponisten Rolf Løvland og den irske fiolinisten Fionnuala Sherry. Dei vart vidgjetne då dei vann Melodi Grand Prix med songen «Nocturne» framfor Arnold B Family i 1995. Stykket var overvegande instrumentalt, men dei tok med ein kort norsk tekst på 24 ord då songen gjekk vidare til den internasjonale finalen, for å halda reglane til Eurovision Song Contest.

Under Eurovision Song Contest 1995 i Dublin var det Gunnhild Tvinnereim, kjend frå Oslo Gospel Choir som var vokalist for duoen. Nyckelharpaspelaren Åsa Jinder var også med og spelte. Her vann dei heile showet, 29 poeng framfor Spania, som enda på andreplass. Dette var andre gong Noreg vann Eurovision Song Contest, ti år etter at Bobbysocks vann Eurovision Song Contest i Göteborg i 1985. Også den gongen var det Rolf Løvland som hadde skrive songen.

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

Sigeren gjorde sjølvsagt sitt til at debutplata Songs from a Secret Garden vart ein stor suksess. Plata selde over ein million eksemplar på verdsbasis. Til i dag har Secret Garden gjeve ut til saman ni album.

Den mest kjende songen deira, You Raise Me Up, har vorte innspelt av meir enn hundre artistar rundt om i verda, m.a. Josh Groban, Westlife og Il Divo.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Songs from a Secret Garden (1995)
  • White Stones (1997)
  • Fairytales (1998)
  • Dawn of a New Century (1999)
  • Dreamcatcher (2001)
  • Once in a Red Moon (2002)
  • Dreamcatcher: Best of Secret Garden (2004, Australia)
  • Earthsongs (2004)
  • Inside I'm Singing (2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]