Arne Bendiksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arne Joachim Bendiksen (19. oktober 192626. mars 2009) var ein norsk songar, låtskrivar og plateprodusent. Han vart fødd i Bergen

Han hadde på 1950- og 1960-talet stor påverknad innan norsk populærmusikk. Først var han kjend som medlem av gruppa The Monn Keys, og seinare som solist og låtskrivar for andre artistar.

I tillegg til å skrive eigne songar, omsette Arne Bendiksen mange utanlandske slagerar til norsk. Han har og delteke i Melodi Grand Prix ei rekke gonger, både som artist, komponist og dirigent. I Eurovision Song Contest 1964 framførte han Noreg sitt bidrag; «Spiral». Då avstemminga var over, hadde han fått seks poeng og hamna på ein åttande plass av seksten deltakarar.

I 1995 mottok han juryen sin heiderspris under Spelemannprisen og vann Gammleng-prisen i klassen veteran i 1992.

Han stod for lanseringa av kjende artistar som Wenche Myhre og Kirsti Sparboe.

I 1996 vart han tildelt han Kongens fortenestmedalje i gull.

Kjende songar [endre]

  • «I dag har jeg brent mine kjærlighetsbrev»
  • «Davy Crockett»
  • «Intet er nytt under solen» (Åse Kleveland)
  • «Jeg vil ha en blå ballong»
  • «La meg være ung» (Wenche Myhre)
  • «Oj, oj, oj så glad jeg skal bli» (Kirsti Sparboe)
  • «Lykken er» (Hanne Krogh)

Filmografi [endre]