Basel-Stadt
| Basel-Stadt Tysk: Basel-Stadt Fransk: Bâle-Ville Italiensk: Basilea Città Retroromansk: Basilea-Citad |
|
|---|---|
| Hovudstad | Basel |
| Folketal | 191 542 (2011) |
| Areal | 37 km² |
| Folketettleik | 5 177/km² |
| Forkorting | BS |
| Kanton sidan | 1501 |
| Høgaste topp | St. Chrischona (522 moh) |
Basel-Stadt er ein kanton i det nordvestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 137 km2 og har 191 699 innbyggarar i 2011. Han er den minste kantonen, og den med største folketettleiken. Byen Basel er hovudstaden i kantonen.
Innhaldsliste |
Geografi[endre]
Kantonen ligg på begge sider av Rhinen. Han grensar i vest mot regionen Alsace i Frankrike og i aust mot delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. I sør grensar han mot kantonen Basel-Landschaft.
Språk og samfunn[endre]
Tysk er både skriftspråk og talemål i kantonen. 30,3% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar, der italienarar med sine 5,3% er den største gruppa. Av dei sveitsiske statsborgarane er høvesvis 27% og 25% protestantar og romersk-katolske.
Kommunar[endre]
Basel-Stadt består av tre kommunar: Basel, Bettingen og Riehen.
Historie[endre]
Basel-Landschaft gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet i 1501. Inntil 1833 utgjorde Basel-Stadt saman med Basel-Landschaft kantonen Basel. Dei to kantonane vart, fram til 1999, då det omgrepet vart fjerna frå Sveits si grunnlov, omtala som 'halvkantonar'. Basel-Landschaft er like autonom som alle andre kantonane, men kantonen har ei røyst i Sveits sitt stenderråd, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Basel-Stadt» frå Wikipedia på tysk, den 10. august 2011.
Bakgrunnsstoff[endre]
| Kantonane i Sveits | |
|---|---|
| Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich | |