Bashar al-Assad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bashar al-Assad
(arabisk بشار الأسد)
Bashar al-Assad.jpg
President av Syria
Regjeringstid Frå 17. juli 2000
Fødd 11. september 1965 i Damaskus

Bashar al-Assad (fødd 11. september 1965) har vore president i Syria sidan 2000. Han leier òg det syriske Baath-partiet. Etter den syriske grunnlova er Baath-partiet det statsberande partiet.

Bashar al-Assad vart president etter at faren Hafez al-Assad døydde, og hadde ikkje hatt framståande politiske stillingar før dette. Verken Bashar al-Assad eller faren Hafez har vorte valde i frie, demokratiske val.

Bashar al-Assad er utdanna augelege i Damaskus og London. Han var opphavleg ikkje tiltenkt noka politisk rolle, men dette endra seg då den eldre broren Basil al-Assad døydde i 1994.

Al-Assad-familien høyrer til den muslimske alawitt-sekta, ein religiøs minoritet i Syria.

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Syria å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.