Alawittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alawittar i Banyas i Syria, under ein festival kring 1940.

Alawittar (arabisk علوية 'alawīyyah), òg kjend som nuṣayrī (arabisk: نصيريون), en-Naṣīriyyah og al-Anṣāriyyah, er ein religiøs minoritet av sjiamuslimsk opphav som er utbreidd i Syria. Alawittane må ikkje forvekslast med aleviar, ein annan religiøs religiøs minoritet i Tyrkia, sjølv om omgrepa har felles etymologi, og moglegvis har felles opphav. Alawi er ei særeigen islamsk religiøs retning som blant anna inneber trua på reinkarnasjon.

Trusretninga er utbreidd i Nord-Syria, langs grensa mot Tyrkia. Mange alawittar kjem frå området ved kystbyen Latakia, som er heimbyen til Al-Assad-familien.

Alawittane tok namnet sitt frå 'Ali ibn Abi Ṭālib, fetter og svigerson til Muhammed, som var den første sjiaimamen og den fjerde og siste «rette kalifen» i sunniislam.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Alawikvinner kring 1920.

Opphavet til alawittane er omstridd. Alawittane sporar sitt eige opphav tilbake til den ellevte imamen, Hassan al-'Askarī (d. 873), og eleven hans Ibn Nuṣayr (d. 868).

Alawittsamfunnet synest å ha vore organiserte av Al-Khasibi, ein tilhengar av Muhammad Ibn Nuṣayr, som døydde i Aleppo i ca. 969. Barnebarnet til Al-Khasibi, Al-Tabarani, flytta til Latakia på kysten av Syria. Etter at Det osmanske riket braut saman, kom Syria og Libanon under fransk mandat. Franskmennene anerkjende omgrepet «alawi» då dei okkuperte Syria i 1920. Dei tilkjende alawittane og andre minoritetsgrupper autonomi, og aksepterte dei i sine koloniale troppar. Mange alawittar støtta tanken om ein eigen alawinasjon og prøvde å oppnå sjølvstende. Eit territorium kalla «Alaouites» vart oppretta i 1925. I mai 1930 vart ei alawiregjering oppretta i Latakia. Ho varte til 28. februar 1937, då territoriet vart innlemma i Syria.

I 1939 vart eit område med mange alawittar i Nordvest-Syria, Alexandretta (no Hatay), tilkjend Tyrkia av Frankrike. Den unge alawittleiaren Zaki al-Arsuzi, som leidde motstanden mot integrering i Tyrkia, vart seinare ein av grunnleggjarane av Ba'athpartiet, saman med den kristne Michel Aflaq. Etter andre verdskrigen spelte Salman Al Murshid ei stor rolle i å sameine Alawitt-provinsen med Syria. Han vart avretta av den nyoppretta uavhengige syriske regjeringa i Damaskus 12. desember 1946, berre tre dagar etter ei politisk rettssak.

Familien Assad ca. 1990

Alawittane under Assad-regimet[endre | endre wikiteksten]

Assad vende den religiøse minoritetsbakgrunnen sin til ein fordel. Tradisjonelt sett har alawittane ikkje hatt nasjonal politisk makt i Syria, og mange sunnimuslimar skuldgjev alawittar for å vere vantru. Assad hadde difor ikkje ein maktbase tilsvarande dei politiske konkurrentane sine. Samstundes hadde fleirtalet lettare for å akseptere Assad som representant for ein religiøs minoritet, enn å akseptere representantar frå dei større religiøse gruppene som tradisjonelt har konkurrert om politisk makt. Styreforma til Assad favoriserte ikkje éin av dei religiøse hovudgruppene framfor andre, men skapte ein relativt sekulær syrisk stat. Regimet har likevel vore prega av at alawittar lojale mot Assad har vore overrepresentert i maktposisjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]