Beinn Chùirn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beinn Chùirn
Vardeåsen
Corbett, marilyn
none  Beinn Chùirn (i midten) med den høgare Ben Lui (venstre)
Beinn Chùirn (i midten) med den høgare Ben Lui (venstre)
Land Flag of Scotland.svg Skottland
Fjellkjede Grampian Mountains
Topp Stirlingshire
 - høgd 880 moh
 - skardhøgd 446 m

Beinn Chùirn er eit fjell i Skottland om lag 5 km vest-sørvest for Tyndrum. Det ligg på grensa mellom Stirlingshire og Perthshire heilt nord i Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark.

Beinn Chùirn har ei høgd på 880 meter over havet og har status som corbett og marilyn. Det ligg i Cononish valley i lag med tre andre fjell (Ben Lui, Ben Oss og Beinn Dubhchraig som alle er Munroer og derfor overskuggar denne mindre åsen.

I 1984 vart det oppdaga ei gullåre i fjellet av det irske selskapet Ennex International. Selskapet gjorde prøveboringar i håp om at gullgruva kunne vere lønsam. Det vart bygd ein tunnel som var om lag 1280 meter lang i 1990-åra, men etter kvart som prisen på gull fall, vart det uøkonomisk å drive gruveverksemda. Dei nyare åra har gullprisen stige igjen, og eit australsk firma har planar om å halde fram gruvedrifta.[1][2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Geology and Landscapes of Skottland" Page 85 Gives details of Gold mine geology.
  2. Scotsman article 9/6/07. Gives details of gold mine.
  3. Scotsman article 30/5/07. Gives details of gold mine.

Koordinatar: 56°25′25″N 4°47′18″W