Munro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Munro's Tables delte fjellområda i Skottland inn i sonar.

Munro er ei nemning for fjell i Skottland med ei høgd på meir enn 3000 fot over havet, ei høgd som svarar til 914,4 meter over havet. Namnet kjem frå sir Hugh Munro (1856–1919) som gjorde det første arbeidet med å lage ein fullstendig katalog over slike toppar. Munro's Tables vart utgjeven i 1891.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før Munro's Tables kom ut var det ukjend kor mange toppar på meir enn 3000 fot det var i Skottland. Estimata varierte frå 30 til meir enn 300. I den første lista, som vart publisert i Scottish Mountaineering Club Journal i september 1891, var det med 538 toppar, der 283 vart rekna for å vere «separate fjell». Omgrepet munro blir berre brukt om sistnemnde, medan lågare toppar på same fjell ikkje blir klassifisert som munros. Problemet med dette er at Munro ikkje klargjorde definisjonen sin av eit separat fjell, så det er uklart kor fråskilde toppane må vere.

Scottish Mountaineering Club (SMC) har sidan revidert lista ei rekkje gonger, både som følgje av nye høgdedata frå Ordnance Survey og på grunn av utryggleik knytt til definisjonen av separate fjell. Sidan 1997 har ein definert alle toppar med absolutt høgd på meir enn 3000 føter og primærfaktor på meir enn 500 fot (152,4 m) som munros. Dette har ført til at lågare toppar på fleire fjell, som Beinn Alligin, Beinn Eighe og Buachaille Etive Mór, har fått munro-status. Dette samsvarar med andre klassifiseringar i Skottland, som corbett (2500–3000 fot) og graham (2000–2500 fot) der ein òg krev primærfaktor på meir enn 500 fot. Det er likevel enno noko uklårt i klassifiseringskriteria.

Den siste revisjonen, som vart publisert i 1997, listar opp 284 munros og 227 subsidiære toppar som når kravet til absolutt høgd, men har for låg primærfaktor. Alle ligg i Det skotske høglandet, nord for Highlandforkastningen.

Murdo[endre | endre wikiteksten]

«Murdo» er ikkje ein separat klassifikasjon, men eit forsøk på å bruke ein strengare definisjon av munro-omgrepet. Det blir kravd ein primærfaktor på 30 m (98 fot). Det er 444 murdos, mot 284 munros og 227 subsidiære toppar.

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Ben Nevis, det høgaste fjellet i Skottland og Storbritannia, er ein munro.
Foto: David Crocker

Den mest kjende munroen er truleg Ben Nevis. Det er det høgaste fjellet i Skottland og Storbritannia med ei høgd på 1344 moh. Andre kjende munros er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]