Bella Ciao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Bella Ciao» er ein italiensk partisansong frå den andre verdskrigen.

Denne kanskje mest kjende av alle songar frå den anti-fascistiske motstandsrørsla i Europa i krigsåra, er opphavleg ein arbeidarsong frå markene på Po-sletta i Nord-Italia.

Den italienske partisanrørsla, som voks seg svært sterk i løpet av krigen, og særleg i Nord-Italia dei siste to krigsåra, bruka denne folkesongen med ein ny tekst med tema frå partisankrigen mot dei italienske fascistane og nazityske okkupasjonssoldatar.

Den norske versjonen av songen, som er populær blant organisasjonar på venstresida, har eit litt anna bodskap. Den handlar om undertrykkinga av arbeidarane på rismarkene, og om fridomen som skal kome. Den norske gruppa Samvirkelaget brukar delar av denne versjonen i låten «Bella Ciao» på plata Musikk.

Italiensk tekst

Songen finst i fleire variantar, men dette synest vere den vanlegaste:

Questa mattina mi son svegliato
o bella ciao, bella ciao, bella ciao, ciao, ciao,
questa mattina mi son svegliato
e ho trovato l'invasor.
O partigiano, portami via
o bella ciao, bella ciao, bella ciao, ciao, ciao,
o partigiano, portami via,
che mi sento di morir.
E se io muoio da partigiano,
o bella, ciao! bella, ciao! bella, ciao, ciao, ciao!
E se io muoio da partigiano,
tu mi devi seppellir.
E seppellire lassù in montagna,
o bella, ciao! bella, ciao! bella, ciao, ciao, ciao!
E seppellire lassù in montagna,
sotto l'ombra di un bel fior.
E le genti che passeranno,
o bella ciao, bella ciao, bella ciao, ciao, ciao,
e le genti che passeranno
mi diranno: « Che bel fior ».
È questo il fiore del partigiano,
o bella ciao, bella ciao, bella ciao, ciao, ciao,
è questo il fiore del partigiano
morto per la libertà.

Norsk omsetjing

Tidleg, tidleg i morgongryet,
å bella ciao, bella ciao, bella ciao, ciao, ciao,
tidleg, tidleg i morgongryet,
møtte vi vår fiende.
Partisanar, kom hit og hjelp meg,
å bella ciao, bella ciao, bella ciao, ciao, ciao,
partisanar, kom hit og hjelp meg,
eg kjenner døden trengje på.
Kameratar, viss eg skal døy no.
å bella ciao, bella ciao, bella ciao, ciao, ciao,
kameratar, viss eg skal døy no,
ta meg med, så ta meg med.
Oppi fjellet vil eg bli gravlagd,
å bella ciao, bella ciao, bella ciao, ciao, ciao,
oppi fjellet vil eg bli gravlagd,
under skuggen av ein blom'.
Og alle dei som går denne vegen
å bella ciao, bella ciao, bella ciao, ciao, ciao,
og alle dei som går denne vegen
seier «for ein vakker blom'»
Den vakre blomen er partisanens,
å bella ciao, bella ciao, bella ciao, ciao, ciao,
Den vakre blomen er partisanens,
som for vår fridom gav sitt liv.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]