Benozzo Gozzoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prosesjonen for dei heilage, 1459-61

Benozzo Gozzoli (ca 14204. oktober 1497) (opphavleg Benozzo di Lese di Sandro) var ein italiensk målar under renessansen, særleg kjend som freskomålar. Han var frå Firenze og døydde i Pistoia.

Liv og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Gozzoli var son til ein skreddar i Firenze. Han gjekk i lære hos Fra Angelico i 1446 og fylgde denne til Roma og i 1447 til Orvieto, der han arbeidde fram til 1449. Sidan for han til Montefalco, der han i 1452 i klosteret San Francesco måla syklus freskar over legenda om Frans av Assisi. Han laga også Marias himmelfart, eit måleri som i dag er i pinakoteket ved Vatikanet.

I 1456 reiste Gozzoli til Firenze, der han åra 1459-61 pryda kapellet i Palazzo Medici Riccardi med freskar. 1463-64 budde han i San Gimignano. Han måla då mellom anna ein syklus på 17 freskar over teologen Augustin sitt liv.

Frå om lag 1468 budde Gozzoli i Pisa. Der laga han sitt «magnum opus», ein serie på 25 freskar over scener frå Det gamle testamentet. Fram til 1485 arbeidde han i byen. Mykje av dette arbeidet vart øydelagt under krigshandlingar i 1944.

Gozzoli laga heller få panelmåleri. Madonna med fire helgenar (1456), Salomes dans og Thomas Aquinas triumf er mellom dei som har vorte trekt fram.

Gozzoli døydde i 1497 i Pistoia, i nærleiken av Firenze og vart gravlagt i eit dominikansk kloster.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Benozzo Gozzoli

Kjelder[endre | endre wikiteksten]