Frans av Assisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frans av Assisi avbilda på freske i Basilica di San Francesco d'Assisi

Den heilage Frans av Assisi (11823. oktober 1226) var ein italiensk helgen som grunnla fransiskanarordenen. Han blei kåra til helgen i 1228, og minnedagen hans er den 4. oktober. Frans er rekna som vernehelgen for dyr, miljøet og er saman med Katarina av Siena vernehelgen for Italia.

Frans var fødd og døydde i Assisi i Umbria i Italia, og leivningane hans ligg i krypten i Basilica di San Francesco i byen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Frans var fødd i 1181 eller 1182 i Assisi. Han var eit av dei mange barna til Pietro Bernardone, ein rik tekstilhandlar, og kona Pica, som var av ei italiensk adelsslekt i Provence. Døypenamnet hans var Giovanni (Johannes), men faren endra namnet hans til Francesco (Frans) for å ære Frankrike, som han hadde handelssamband med.

Som barn gjekk Frans på sokneskulen ved San Giorgio-kyrkja, men han var ikkje særs oppteken av skulearbeid. Som ung var Frans heller interessert i den moderne trubadurkunsten, forutan fest, moro og natteliv i gatene i Assisi, til stor forarging for folket i byen.

I november 1202 braut det ut ein krig mellom Assisi og Perugia, og Frans var blant dei mange unge mennene som drog i krigen. Slaget enda med nederlag for Assisi, og Frans vart sittande i ei kummerleg fengselscelle i Perugia i eitt år før faren fekk kjøpt han fri. Frans sleit lenge med sjukdom etter dette fengselsopphaldet.

Krusifikset i San Damiano

Våren 1205 braut det på ny ut ein krig med Perugia, og Frans skulle reise i krigen som riddar. Allereie dagen etter vende han heim att, etter å ha fått ei religiøs openberring i Spoleto. Sommaren og hausten same år gjekk han rastlaust rundt i omlandet til Assisi, til han ein dag gjekk inn i den falleferdige kyrkja San Damiano, rett nedanfor Assisi.

Omvendinga[endre | endre wikiteksten]

Ei oppleving i 1205 i den fattige kyrkja San Damiano vart vendepunktet i livet hans. Presten hadde knapt middel til livsopphald, og langt mindre til olje til lampene eller til vedlikehald av kyrkja. I halvmørkret sette Frans seg ned ved alteret med eit gammalt bysantisk krusifiks, og han begynte å be. I følgje legenden snakka Jesus Kristus til han frå krusifikset og oppmoda han til å setje i stand Guds forfalne hus. Frans tok oppmodinga bokstavleg og sette i gang med å restaurere San Damiano-kyrkja, og seinare arbeidde han på andre kyrkjer i området.

Frans' oppgjer med far sin Giotto di Bondone

Frans sin nye livsveg var ikkje akkurat slik den ambisiøse faren hadde tenkt for sonen sin, og konflikten enda med eit dramatisk brot. På plassen ved det tidlegare romerske Minervatempelet i Assisi stilte Frans deg framfor biskop Guido og borgarar i byen, tok av seg alle kleda sine, som han hadde fått frå faren, leverte dei til han, og sa:

«Før sa eg: Far min, Pietro Bernandone. No seier eg: Fader vår, du som er himmelen ....»

Etter dette hadde Pietro Bernandone aldri meir kontakt med Frans. Frans kan likevel ha hatt noko kontakt med mor si, som delte mykje av Frans sitt syn på livet.

Frans og dei spedalske[endre | endre wikiteksten]

Dei spedalske var utstøytte i mellomaldersamfunnet, og folk både frykta og forakta dei som var sjuke. Det var strenge reglar for korleis dei skulle oppføre seg overfor resten av samfunnet for å isolere seg frå dette. Utanfor Assisi var det fleire lasarett som dei spedalske kunne bu i; dei var rekna som daude for denne verda.

Frans delte den same avskyen overfor dei spedalske som andre folk i samtida. Han gjorde alt for å unngå dei, og om han gav dei almisser, var det alltid gjennom ein mellommann. Sjølv snudde han seg bort og heldt seg for nasen. Men han opplevde at avskyen for spedalske og andre vanføre menneske stengde for den andelege utviklinga hans.

Under bøn fekk han bod om å snu ryggen til det som før hadde vore til glede, og heller gjere til glede det som han før hadde avskydd. Då han ein dag møtte ein spedalsk på vegen utanfor Assisi, bestemte han seg for å gjere noko radikalt med si eiga oppfatning: Han gav sjølv ein mynt til den sjuke, og kyssa den forkrøpla handa hans. For å få bukt med sin eigen avsky mot dei sjuke, budde han hos dei ei tid, gav dei almisser og kyssa alltid hendene til kvar av dei. Slik overvann han frykta for dei sjuke, og han fekk rom for å utvikle seg andeleg.

Det han før hadde avskydd var blitt ei glede. Frans orienterte seg sterkare mot dei aller svakaste og utstøytte i samfunnet. Når Frans kom til ein by, vart han vel fagna, dei ringde med klokkene og storgleddest kring han.

Frans av Assisi
frå biletsyklusen i katedralen i Assisi som skildrar livet hans.

Ordensgrunnleggaren[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart skjøna Frans at han måtte forstå Kristi ord i San Damiano i ei overført tyding, at kallet hans måtte vere meir enn å setje i stand kyrkjebygg.

I 1210 grunnla han fransiskanarordenen (Ordo Fratrum Minorum, O.F.M.), og fekk godkjenning frå Innocent III same året. Alt året før hadde folk byrja å flokke seg rundt han. Ordensreglane vart stadfesta av Honorius III i 1223. Klosterløfta er fattigdom, kyskheit og lydnad. Frans let leiinga av ordenen gå på omgang blant ordensbrørne.

Etter først å ha møtt mykje spott og motgang, opplevde Frans i si levetid at ideane hans vart godtekne, og mange av dei personlege venene hans var med på å skape det som vart livsverket hans. Han fekk sjå at ordenssamfunnet voks og fekk fleire hundre ordensbrør, fransiskanarane, eller gråbrørne, som dei òg vart kalla.

Klara av Assisi grunnla ei kvinneleg grein, Klarissene, i 1212.

Frans døydde i 1226. Femti år seinare hadde fransiskanarane 8 000 kloster med 200 000 munkar. I slutten av mellomalderen var tiggarmunkane den beste stønaden for pavekyrkja.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

I si samtid vart Frans rekna for å vere ein ulærd mann, sidan han ikkje hadde studert latin eller teologi. Som skuleungdom hadde han knapt brydd seg om å skrive og lese. Dess meir er den litterære og poetiske produksjonen hans verd å merke seg.

Blant det mest kjente han har skrive er Solsongen (Canticum fratris solis), som han skreiv i klosterhagen i San Damiano i 1224. Solsongen er omskriven til ein salme, i norsk versjon kalla «Takk, gode Gud, for alle ting» (Norsk Salmebok nr 281). Frans av Assiiss bøn («Herre, gjer meg til reiskap for din fred ---») er tilskriven han, men kan ikkje sporast lengre tilbake enn til 1900-talet.

Segner om merkelege hendingar[endre | endre wikiteksten]

Mange segner er knytt til Frans sitt personlege mot og kjærleik til natur og menneske.

Frans tenkte så mykje på Jesu liding, vert det fortalt, at han fekk Jesu sårmerke i hendene sine. Denne stigmatiseringa er tidfest til 14. september 1224 , og han gjekk etter dette med Kristi sårmerke resten av livet.

Ei omtalt hending er då Frans preika for fuglane. Denne hendinga er bl. a. skildra i Franz Liszts programmatiske stykke for piano « St. François d'Assise. La Prédication aux oiseaux». Fuglane skal ha blitt tiltrekte av Frans si stemme, og skal stilt ha lytta til han.

Då Frans var i Portiuncula kjende han så sterkt på kroppslege lyster at han kasta seg inn i ein rosebusk med mange tornar. Busken sleppte alle tornane, og enno veks det rosebusk på denne staden, utan tornar.

Frans skal ha vore svært glad i dyr, og han kalla dei brør og systrer. Ein dag han møtte ein gut på vegen; guten bar på eit bur med nokre skogsduer han hadde fanga. Frans kjøpte duene og sleppte dei fri med ein gong. I Gubbio vart Frans angripen av ein ulv. Frans snakka roleg til ulven, og sa han skjøna at han var svolten. Om ulven slutta å terrorisere byen skulle dei leggje ut mat og slutte å jakte på han, lova han.

Ettertid[endre | endre wikiteksten]

13. mars 2013 tok kardinal Jorge Mario Bergoglio pavenamnet Frans til ære for den heilage Frans.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frans av Assisi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen byggjer på ei omsetjing frå bokmålswikipediaen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]