Berdjansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berdjansk
Бердянськ
by
Store Dzendzyk-neset ved enden av Berdjanskneset i -Azovhavet
Flagg
Våpen
Land  Ukraina
Oblast Zaporizjzjia oblast
Rajon Berdjansk bykommune
Koordinatar 46°45′0″N 36°47′0″E
Areal 82,65 km²
Folketal 123 000
Folketettleik 1 488 / km²
Grunnlagd 1827
 - Byrettar 1835
Borgarmeister Aleksej Bakaj
Postnummer 71100
Retningsnummer +380-06153
Kart
Berdjansk
46°45′20″ N 36°47′20″ E
Wikimedia Commons: Berdiansk
Nettstad: v-berdyanske

Berdjansk (ukrainsk Бердя́нськ, russisk Бердя́нск) er ein hamneby i Zaporizjzjia oblast (provins) søraust i Ukraina. Han er det administrative senteret i Berdjansk rajon (distrikt) og ligg på nordkysten av Azovhavet. Byen har kring 125 000 innbyggjarar.

Berdjansk er i Ukraina kjend for hamna og industrien sin. Her ligg òg ein kurstad med gjørmebad og klimabehandling og har ei samanhengande badestrand på cirka 11 kilometer som tiltrekker seg mange turistar sommarstid, spesielt frå innlandet i Ukraina og frå Russland.

Byen vart grunnlagt i 1827 då fundamentet for ei ny hamn vart lagt. Han heitte då Berdy. Tre år seinare fekk byen namnet Novo-Nogaisk (Ny Nagoisk). I 1841 fekk byen det noverande namnet sitt etter elva Berda som renn ut i havet like ved. Mellom 1939 og 1958 heitte byen Osypenko, oppkalla etter den sovjetiske helten Polina Osypenko. Dette namnet er no brukt på ein av nabobyane, der Osypenko vart fødd. Osypenko var militær pilot og gjennomførte blant anna i 1938 den lengste samanhengande flyturen i verda til då.

Den mest kjende personen frå Berdjansk i dag er modellen og skodespelaren Olga Kurylenko, som blant anna er kjent som Bond-jente i filmen Quantum of Solace. Den belgiske proffsyklisten Igor Abakoumov er òg frå byen.

Berdjansk har tre venskapsbyar: Bielsko-Biala i Polen, Yambol i Bulgaria og La Seyne-sur-Meir i Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]