Bergtóra Høgnadóttir Joensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergtóra Høgnadóttir Joensen
Statsborgarskap Færøyane
Fødd 15. februar 1971 (53 år)
Yrke politikar, sosionom
Verv Lagtingsmedlem
Periode 19. januar 2008–29. oktober 2011
Politisk parti Tjóðveldisflokkurin
Far Høgni Debes Joensen
Mor Karin Kjølbro

Bergtóra Høgnadóttir Joensen (fødd 15. februar 1971) er ein færøysk sosionom og politikar som representerer partiet Tjóðveldi. Ho var innvald på det færøyske Lagtinget frå 2008 til 2011 og sat i Lagtingets velferdskomité. Ho leia lagtingsgruppa til partiet sitt då Annita á Fríðriksmørk var ute i permisjon frå mars til september 2008.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Joensen er dotter av landslegen Høgni Debes Joensen og lagtingskvinna og sosionomen Karin Kjølbro. Ho vaks opp i Tórshavn og til dels i Danmark, der faren tok vidareutdanning.[1][2]

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Joensen er utdanna sosionom og arbeidde fyrst innan psykiatri, kriminalomsorg og bedriftsrådgjeving i Danmark. I 2004 flytta ho tilbake til Færøyane, der ho har drive med personalleiing og prosjektarbeid for ulike arbeidsmarknadstiltak. Frå 2005 til 2007 leia ho dei færøyske sosionomane si fagforeining.[1][3][4] I 2013 blei ho personalsjef i SEV.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Bergtóra Høgnadóttir Joensen. Um meg sjálva» (på færøysk). Tjóðveldi. Arkivert frå originalen 10. november 2011. 
  2. Jákupsstovu, Beinta í (2003). «Karin Kjølbro (1944–)». Dansk Kvindebiografisk Leksikon (på dansk). Kvinfo. Henta 2. august 2017. 
  3. «Bergtóra Høgnadóttir Joensen» (på færøysk). kveik.fo. Arkivert frå originalen 28. februar 2016. 
  4. 4,0 4,1 «Bergtóra Høgnadóttirs profil». LinkedIn. Henta 14. august 2021. [daud lenkje]