Berhane Adere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berhane Adere

Statsborgarskap Etiopia
Fødd 21. juli 1973 (50 år)
Shewa
Yrke maratonløpar, friidrettsutøvar, langdistanseløpar
Høgd 170 centimeter
Berhane Adere på Commons

Berhane Adere (fødd 21. juli 1973) er ein etiopisk tidlegare langdistanseløpar som vart verdsmeister på 10 000 meter i 2003 og elles vann to VM-sølv på same distansen.

Etter fire sesongar med gode internasjonale resultat lukkast Adere i 2001 vinne ein medalje i eit stort meisterskap. Under VM 2001 i Edmonton tok ho sølvmedaljen på 10 000 meter, fattige fire hundredels sekund bakom landskvinna Derartu Tulu. Året etter vann Adere gull på 5 000 meter i afrikameisterskapen og i halvmaraton.

2003-sesongen innleia Adere med å verte innandørs verdsmeister på 3000 meter. Den 27. juni presterte ho råsterke 14.29,3 på 5 000 meter i Oslo. Høgdepunkt kom likevel under VM 2003 i Paris med siger på 10 000 meter. Vinnartida 30.04,1 var etiopisk rekord inntil Tirunesh Dibaba slo rekorden i 2008. I friidretts-VM 2005 i Helsinki sikra Adere seg ein ny sølvmedalje på 10 000 meter, bakom nemnde Dibaba.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]