Bernadotte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Familievåpenet til det svenske kongehuset Bernadotte.

Bernadotte [-då'tt] er eit fransk etternamn. Namnet har frå 1818 vore slektsnamnet til det svenske kongehuset. Mellom 1818 og 1905 var det slektsnamnet til det norske kongehuset.

Slekta stammar frå Béarn i fjellområdet Pyrenéane. Jean Baptiste Bernadotte (17631844) er den mest kjende av bernadottane. Han vart marskalk av Frankrike, fyrste av Ponte Corvo og til sist under namna Karl III Johan og Karl XIV Johan konge av Noreg og av Sverige.

To andre greiner av slekta lever framleis i Frankrike. Ei grein kan førast attende til den eldre broren til farfar til kong Karl Johan. Han heitte André Bernadotte og vart fødd i 1680). Slektsgreina er ikkje adeleg.

Ei anna grein stammar frå den eldre broren til Karl Johan, baron Jean Bernadotte (17541813). Frå 1810 har slektsovehovudet hatt tittelen baron. Som fideikommiss har slekta hatt slottet og godset Louvie i departementet Basses-Pyrénées.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]