Baron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kong Kristian IVs krone
Fyrstelege og adelege titlar
Keisar og keisarinne
Konge og dronning
Kurfyrste og kurfyrstinne
Storhertug og storhertuginne
Erkehertug og erkehertuginne
Hertug og hertuginne
Storfyrste og storfyrstinne

Markgreve og markgrevinne

Marki og markise
Fyrste og fyrstinne
Greve og grevinne
Vicomte og vicomtesse

Baron og baronesse

Friherre og friherrinne
Riddar og dame
Herre og dame
Baronskrone.
Fransk baronskrone.
Gamal friherrekrone.
Baltisk baronskrone.
Spansk og portugisisk baronskrone.

Baron (norr. barrún, gjennom gfr. frå ghty. baro, 'fri mann, krigar' eller frå mellomalderlatin, avleidd frå vir, 'mann') er den lågaste høgadelege tittelen. Kvinner som har tittelen eller er gift med ein baron blir titulerte baronesse.

I 1277 vart dei to høgaste gradane i kongshirden, lendmann og skutilsvein, erstatta av dei felleseuropeiske titlane baron og riddar. Samstundes fekk baronane og riddarane ekstra privilegie, og retten til å bli tiltalt som herre (herra). Tittelen baron har blitt brukt på ulike måtar mellom anna i Noreg og Tyskland har sonar og yngre søsken til ein greve fått denne tittelen. Adelstittelen blei innført i Danmark-Noreg i 1671, då med rang under greve.

Tittelen har ofte same bruk som friherre. Rangen både baronar og friherrar har, blir kalla friherreleg stand. Det finst ei rangkrone for friherre/baron, men utforminga varierer i ulike land og tidsperiodar.

I korrekt skriftleg omtale blir tittelen plassert på dansk, norsk og tysk mellom for- og slektsnamnet, utan komma (Fornamn baron Slektsnamn). På svensk blir tittelen oftare plassert framfor namnet (baron Fornamn Slektsnamn).

[endre] Nokre kjende baronar

[endre] Nordmenn

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk