Bertha von Suttner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bertha von Suttner

Bertha von Suttner i 1906
Statsborgarskap Keisardømet Austerrike, Cisleithania
Fødd 9. juni 1843
Praha
Død

21. juli 1914 (71 år)
Wien

Yrke forfattar
Språk tysk
Medlem av Verein der Schriftstellerinnen und Künstlerinnen Wien
Far Franz Joseph Kinsky
Mor Sophie Wilhelmine Koerner
Ektefelle Arthur Gundaccar von Suttner
Bertha von Suttner på Commons

Bertha Sophie Felicitas Freifrau von Suttner (9. juni 184321. juli 1914), fødd i Praha, var ein austerriksk forfattar og pasifist. Ho vart fyrste kvinnelege vinnar av Nobels fredspris i 1905.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bertha von Suttner vart fødd Kinsky som dotter til ein bøhmisk general. Faren døydde før ho vart fødd, og ho vart difor oppdregen av mora i Praha. I 1873 tok Bertha Kinsky ei stilling som guvernante hjå rikmannen Karl von Suttner i Wien. Her underviste ho døtrene hans i språk og musikk. Ho forelska seg i yngste sonen til von Suttner, Arthur, men i 1876 vart ho send til Paris av ekteparet von Suttner der ho var privatsekretær for Alfred Nobel i to veker. Då Nobel vart kalla tilbake til heimlandet av svenskekongen, reiste Bertha kjapt tilbake til Wien, der ho løyndomsfullt gifte seg med Arthur von Suttner - mot viljen til svigerforeldra. Arthur von Suttner vart med dette gjort arvelaus. Ekteparet reiste no utanlands, og enda til slutt i Georgia hjå fyrstinne Ekaterina Dadiani, der dei levde av å skriva.

den russisk-tyrkiske krigen braut ut i 1877, hadde Arthur hell med å skriva krigsrapportar for tyske tidsskrift. Bertha på si side tok til med å skriva noveller og essays for aviser i Austerrike under pseudonymet B. Oulet. Lik ektemannen naut ho stor framgang. Dei vendte tilbake til Wien i 1885, forsona seg med familien von Suttner og fekk slå seg ned i slektsslottet i Niederösterreich.

Tilbake i Austerrike vart Bertha von Suttner meir oppteken av naturvitskap, filosofi og pasifisme. Ho korresponderte også med Alfred Nobel fram til han døydde i 1896. Rundt 1886 skreiv ho boka High Life, som tematiserte den frie viljen til mennesket. I 1889 gav ho så ut Die Waffen Nieder! - «Ned med våpna!»[1] Boka vekte stor oppsikt og gjorde Bertha von Suttner til ein av leiarfigurane i fredsrørsla på den tida. Her gav ho si eiga augnevitneskildring av krigsskrekken, noko som på den tida var eit brennheitt diskusjonstema. Ho definerte freden som ein naturleg tilstand som alle har rett til, i motsetnad til krigen, som kom av ei menneskeleg vrangførestelling. Ho bygde også på Charles Darwin sin evolusjonsteori og sikta mot ei høgare utvikling av menneskeheita. Boka vart hennar største litterære suksess med 37 opplag, og ho vart omsett til 12 språk.

I 1891 grunnla Bertha von Suttner eit Austerriksk selskap av fredsvener, som fekk stor oppslutnad. Bertha von Suttner vart vald til fyrste president i selskapet. Året etter grunnla ho tidsskriftet Die Waffen Nieder! som ho dreiv fram til 1899. I 1892 grunnla ho òg Deutsche Friedensgesellschaft - «det tyske fredsselskapet», og ho deltok på fleire internasjonale fredskongressar utover 1890-åra. Bertha von Suttner gav anonymt ut framtidsromanen Die Maschinenzeitalter - «Maskintidsalderen» i 1899, der ho kasta eit kritisk blikk over fordommane i samtida. Ektemannen Arthur von Suttner døydde etter lang tids sjukdom i 1902, og Bertha von Suttner reiste deretter tilbake til Wien. Ho heldt aktivt fram med arbeidet for fredsrørsla også etter dette.

I 1905 vart Bertha von Suttner som fyrste kvinne tildelt Nobels fredspris, særleg for å ha skrive Die Waffen nieder! Ho vart også kreditert med å overtyda Alfred Nobel om kor viktig fredssaka var. Ho utgav memoara sine i 1909, og døydde i 1914.

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk utgåve 1954 med tittelen Ned med våpnene!, omsett av Arne Engebret. Inneheld òg nobel-føredraget som Bertha von Suttner heldt i Christiania 18. april 1906.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]