Beverkrigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beverkrigane
Great Lakes Region.png
Området kring Dei store innsjøane i raudt.
Dato Midten av 1600-talet
Stad Regionen Dei store innsjøane
Resultat Irokesisk siger
Partar
Irokesarar
Med støtte av:
Flag of England.svg England,
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Algonkin
Med støtte av:
Royal Standard of the Kingdom of France.svg Frankrike

Beverkrigane, òg kjend som irokesarkrigane eller dei franske og irokesiske krigane, syner til ei rekkje konfliktar utkjempa på midten av 1600-talet aust i Nord-Amerika. Irokesarane fekk støtte og våpen frå nederlandske og engelske handelspartnarar og dei prøvde å utvide områda sine og få monopol på pelshandelen og handelen mellom dei europeiske marknadane og stammene vest i regionen kring Dei store innsjøane. Konflikten vart utkjempa mellom nasjonane i Irokesarførderasjonen, leia av dei dominerande mohawkane, mot dei franskstøtta algonkinsk-talande stammene i regionen Dei store innsjøane.

Krigane var brutale og vert rekna som ein av dei blodigaste konfliktane i Nord-Amerika. Irokesarane gjekk sigrande ut av striden og utvida områda sine og trekte nye stammegrenser i Nord-Amerika. Dei øydela fleire stammesamband som huron, dei nøytrale, erie og susquehannock. Dei pressa somme austlege stammer vest for Mississippielva eller sørover og inn i Carolina. Irokesarane kontrollerte òg Ohiodalen som jaktmarker, frå om lag 1670 og frametter. Ohio Country og Nedre Michiganhalvøya vart meir eller mindre tømd for indianarar då dei flykta vestover for å kome seg unna dei irokesiske krigarane. Mykje av regionen vart sidan folkesett på ny av indianarar som hovudsakleg høyrte til Dei seks nasjonane, sjå Mingo.

Både algonkinske og irokesiske samfunn vart hardt råka av desse krigane. Konflikten pågjekk samstundes med at irokesarane mista nederlendarane som alliert i kolonien Ny-Nederland og samstundes med at franskmennene prøvde å få irokesarane over på si side mot engelskmennene. Etter at irokesarane vart handelspartnarar med engelskmennene, var alliansen deira særs viktig for den seinare engelske ekspansjonen. Dei nytta dei irokesiske erobringane for å gjere krav på Northwest Territory.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]