Bhasa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kutiyattamtruppen til Mani Madhava Chakyar framfører «Thoranayudham», ein del av Bhasa sitt stykke Abhisjeka-nataka, i Madras i 1962.
Helten, kong Udayana, i ei kuttiyattamframføring av Svapnavasavadatta.

Bhasa (sanskrit bhāsa) var ein indisk dramatikar, ein av dei tidlege sanskritforfattarane. Nøyaktig kva tid han levde er ukjend, men 200-talet e.Kr. er ei mogleg tid. Kalidasa (300-400-talet) rekna seg som ein moderne forfattar i høve til Bhasa.

Fram til 1910 var verket til forfattaren rekna som tapt, berre kjend gjennom einskilde sitat i andre verk. I 1910 kom sanskritforskaren T. Ganapati Sastri over 13 skodespel som blei brukte kutiyattamteater i Thiruvananthapuram i Kerala. Desse viser så mange arkaiske fellestrekk at ei rekkje forskarar meiner dei skriv seg frå Bhasa, særleg ettersom eitt av dei, Svapnavasavadatta, allereie var nemnd som eitt av hans drama.

Verk tillagt Bhasa[endre | endre wikiteksten]

Skodespel som bygger på Ramayana[endre | endre wikiteksten]

  • Pratima-nataka ('Statueskodespelet')
  • Abhisjeka-nataka ('Kroningsskodespelet')

Skodespel som bygger på Mahabharata[endre | endre wikiteksten]

  • Pantsj-ratra ('Fem netter')
  • Madhyama-vyayoga ('Vjajoga-skodespelet om middelsonen')
  • Duta-Ghattotkatsja ('Ghattotkatsja som sendemann')
  • Duta-Vakya ('Sendebot si melding')
  • Urubhanga ('Det brotne låret')
  • Karna-bhara ('Karna-børa')
  • Harivamsa eller Bala-tsjarita ('Hari-dynastiet eller Barndomssoga')

Andre skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Svapnavasavadatta ('Draum-Vasavadatta')
  • Pratijña-jaugandharajana ('Jaugandharajana sin lovnad')
  • Daridra tsjarudatta ('Naudkomne Tsjarudatta')
  • Avimaraka ('Avimaraka')

Kjelder[endre | endre wikiteksten]