Bioturbasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bioturbasjon er eit uttrykk i oseanografi og limnologi nytta om avsetting og blanding av sedimentpartiklar av bentale dyr eller planter. Dette er typisk leddormar (som havbørsteormar, fåbørstemakkar), toskjela skalldyr (som muslingar), sniglar, sjøpølser eller andre organismar. Prosessar desse dyra gjer, som graving og innføring og avføring av sedimentkorn og anna, flyttar desse sedimentkorna og blandar sedimentmassen. Grenseflata mellom sedimenta og vatnet får auka areal som følgje av bioturbasjon, og dette påverkar dei kjemiske flukane og dermed utvekslinga mellom sedimenta og vassøyla over. Somme organismar kan vidare forsterke den kjemiske utvekslinga ved at gangane dei grev vert fylte med vatn, ein prosess kalla bioirrigasjon. Botnflora kan påverke sedimenta på liknande måte som dei gravne gangane til dyra kan ved at rotstrukturar vert fylte med vatn. Bioturbasjon er ein diagenesisk prosess og er medverkande til å endre den fysiske strukturen og dei kjemiske eigenskapane til sedimenta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]