Bitonto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bitonto
Domkyrkja i Bitonto
Domkyrkja i Bitonto
Byvåpenet til Bitonto
Byvåpenet til Bitonto
Kallenamn
«Olivenbyen»
Plassering
Bitonto is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Puglia
Bari
Geografi
Flatevidd
 - By

172,9 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2004)
   - folketettleik

56 420
  328/km²
Koordinatar 41°7′″N 16°41′″EKoordinatar: 41°7′″N 16°41′″E
Høgd over havet 118 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 70032
Telefon-retningsnummer 080
Nettstad: www.comune.bitonto.ba.it

Bitonto er ein by i provinsen Bari i regionen Puglia i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar. Han vart kalla «Olivenbyen» på grunn av dei mange olivenlundane rundt byen.

Bitonto ligg om lag 16 km vest for Bari, nær kysten av Adriahavet. Av nabokommunar finn ein Bari, Bitetto, Palo del Colle, Altamura, Toritto, Ruvo di Puglia, Terlizzi og Giovinazzo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bitonto

Byen vart grunnlagd av Peucetii og i følgje ei segn vart byen kalla opp etter Botone, ein illyrisk konge. Dei første bymurane er datert til 300- eller 400-talet fvt. og ein kan sjå spor etter desse i dei normanniske bymurane. Etter at han var allitert med Roma under samnittarkrigane vart han ein romersk municipium (latin Butuntum), men fekk halde på sine tidlegare lover og sjølvstyre.

900-talet klarte Bitonto å stå imot plyndringstokt frå sarasenarar, som fekk leiaren sin drepen nedanfor bymurane. [1] Bitonto tok del i opprøret til Melus av Bari i 1009.

I mellomalderen var Bitonto eit len for fleire baronfamiliar før han gjekk over til Acquaviva på 1200-talet, som tok namnet sitt etter skansen deira ved Acquaviva delle Fonti.[2] Acquaviva vart seinare hertugar av Atri og deira signory i Bitonto fekk status som marki i 1464 av kongen av Napoli, Ferrante di Aragona. Han døydde tidleg og byen gjekk til broren Andrea Matteo Acquaviva, som byta han i 1487 mot markirangen til Ugento, som han så mista.[3] I 1552 betalte innbyggjarane seg sjølv fri for 66 000 dukatar.

Under den polske arvefølgjekrigen i 1734 slo den spanske hæren under Karl av Bourbon og hertugen av Montemar austerrikarane i slaget ved Bitonto, og skira slik eigedømane til Kongedømet Napoli for Huset Bourbon.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bitonto

Kjelder[endre | endre wikiteksten]