Kongedømet Napoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regno di Napoli
Kongedømet Napoli
Flag of the Kingdom of Sicily.svg
12851816 Flag of the Kingdom of the Two Sicilies 1816.gif
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Napoli
Landområda til Kongedømet Napoli
Hovudstad Napoli
Styreform Monarki
Konge
 - 1285-1309 Karl II
 - 1815-1816 Ferdinand I
Historie
 - Oppretta 1285
 - Vart del av Begge Siciliar 1816

Kongedømet Napoli var eit uformelt namn på staten offisielt kalla Kongedømet Sicilia som eksisterte på den sørlege delen av den italienske halvøya. Staten oppstod etter opprøret kalla den sicilianske aftensongen i 1282 då han vart fråskild det gamle Kongedømet Sicilia.

Kongedømet Napoli under Angevin[endre | endre wikiteksten]

Etter opprøret vart kong Karl I av Sicilia (Karl av Anjou) tvungen til å forlate Sicilia av troppane til Peter III av Aragon. Karl haldt derimot på landområda sine på fastlandet, som fekk namnet Kongedømet Napoli etter hovudstaden. Karl og etterfølgjarane hans frå Angevin kravde suverenitet over Sicilia, og dreiv krig mot aragonesarane fram til 1373 då dronning Johanna I av Napoli formelt sa frå seg kravet.

Dronning Johanna I spelte òg ei rolle i den endelege overføringa av det første Kongedømet Napoli. Sidan ho var utan born tok ho til seg Ludvig I, hertug av Anjou som arvingen sin, trass i krav frå søskenbornet hennar, fyrsten av Durazzo, og sette med det opp ei yngre arverekkje. Dette førte til at fyrsten av Durazzo tok livet av Johanna i 1382, og at han tok trona som Karl III av Napoli. Dei to konkurrerande Angevin-linjene kjempa mot kvarandre om trona til kongedømet dei neste tiåra. Dottera til Karl III, Johanna II (r. 1414-1435) tok til seg Alfonso V av Aragon (som ho seinare tilbakeviste) og Ludvig III av Anjou som arvingane sine, før ho valde Ludvig sin bror, René av Anjou frå den yngre Angevin-linja, og han tok over etter henne i 1435.

René av Anjou slo mellombels saman krava til dei to arverekkjene. I 1442 erobra Alfonso V Kongedømet Napoli og slo saman Sicilia og Napoli som vasallstatar under Aragón. Då han døydde i 1458, vart kongedøma igjen fråskild og Ferrante, Alfonso sin uekte son, tok over trona i Napoli.

Kongedømet Napoli under Aragon og spanjolane[endre | endre wikiteksten]

Då Ferrante døydde i 1494 invaderte Karl VIII av Frankrike Italia, og nytta Angevin-kravet til trona av Napoli, som far hans hadde arva etter nevøen til Kong René i 1481. Dette starta dei italienske krigane. Karl VIII kasta ut Alfonso II av Napoli frå Napoli i 1495, men måtte trekke seg ut då son til Alfonso II, Ferrantino fekk støtte frå Ferdinand II av Aragon. Ferrantino tok over trona, men døydde i 1496, og vart etterfulgt av onkelen sin Fredrik IV. Franskmennene gav derimot ikkje opp kravet og i 1501 kom dei til semje om ei oppdeling av kongedømet med Ferdinand av Aragon, som forlet søskenbornet sitt Kong Fredrik. Avtalen fall derimot i grus og Aragon og Frankrike tok opp at krigen sin om kongedømet. Krigen enda med aragonesisk siger og Ferdinand fekk kontroll over kongedømet i 1504.

Kongedømet haldt fram som årsaka til mykje strid mellom Frankrike og Spania dei neste tiåra, men Frankrike brukte mindre og mindre krefter på å ta tilbake kontrollen ettersom tida gjekk, og den spanske kontrollen var i realiteten aldri truga. Franskmennene gav til slutt opp kravet om kongedømet i Cateau-Cambrésis-traktaten i 1559.

Kongedømet Napoli under Bourbon[endre | endre wikiteksten]

Etter den spanske arvefølgjekrigen tidleg på 1700-talet skifta kongedømet igjen eigarar. Som ein del av avtalen i Rastatt-traktaten i 1714 vart Napoli gjeve til Karl VI, den tysk-romerske keisaren. Han fekk òg kontroll over Sicilia i 1720, men det austerrikske styret varte ikkje lenge. Både Napoli og Sicilia vart erobra av ein spansk hær under den polske arvefølgjekrigen i 1734, og Karl, hertug av Parma, ein yngre son av kong Filip V av Spania vart sett inn som konge av Napoli og Sicilia frå 1735. Då Karl arva den spanske trona frå den eldre halvbroren hans i 1759, forlét han Napoli og Sicilia til sonen sin Ferdinand IV. Trass i at dei to kongedøma var i ein personalunion under Bourbonkongane etter 1735 var dei konstitusjonelt fråskilde.

Som medlem av Huset Bourbon var Ferdinand IV ein naturleg mostandar av den franske revolusjonen og Napoleon. I 1798 okkuperte han ei kort stund Roma, men vart kasta ut av dei franske revolusjonsstyrkane før eit år var gått. Like etterpå, i 1801, vart han tvunge til å signere Firenze-traktaten og Ferdinand flykta til Sicilia. Dei franske styrkane oppretta Den partenopeiske republikken, men denne varte ikkje lenge og bøndene utførte ein motrevolusjon starta av prestestanden og Ferdinand kunne reise tilbake til hovudstaden sin tidleg året etter.

Kongedømet Napoli under Napoli[endre | endre wikiteksten]

Ferdinand si avgjerd om å alliere seg med Den tredje koalisjonen mot Napoleon i 1805 viste seg å verte meir øydeleggjande. I 1806, etter å ha vunne avgjerande slag mot dei allierte sine hærstyrkar i Austerlitz og over napolitanarane i Campo Tenese sette Napoleon inn bror sin, Joseph som konge av Napoli. Då Joseph vart sent bort til Spania to år seinare vart han erstatta av systera til Napoleon, Caroline og svigerbroren marskalk Joachim Murat.

Samstundes hadde Ferdinand flykta til Sicilia, der han haldt på trona si, trass i fleire forsøk frå Murat på å invadere øya. Britane skulle kome til å forsvare Sicilia resten av krigen, men trass i at Kongedømet Sicilia formelt var ein del av den fjerde, femte og den sjette koalisjonen mot Napoleon klarte aldri Ferdinand og britane å utfordre Frankrike på det italienske fastlandet.

Etter Napoleon sitt fall i 1814 klarte Murat å få i stand ein avtale med Austerrike der han fekk halde på trona av Napoli, trass i lobbyverksemd frå Ferdinand og støttespelarane hans. Men så lenge dei fleste stormaktene, og særleg Storbritannia, var fiendtleg innstilt mot han og at han var avhengig av ei uviss støtte frå Austerrike, vart stillinga til Murat svakare og svakare. Då Napleon så kom tilbake til Frankrike for dei hundre dagane i 1815 gjekk Murat med ein gong inn på sida hans. Då han skjønte at austerrikarane snart ville prøve å kaste han bort, gav Murat ut Riminierklæringa i håp om å redde kongedømet ved å alliere seg med italienske nasjonalistar. Den påfølgjande napolianske krigen mellom Murat og austerrikarane var kortvarig og enda med ein avgjerande siger for dei austerrikske styrkane i slaget ved Tolentino. Murat vart tvungen på flukt og Ferdinand IV av Sicilia tok endeleg over trona i Napoli. Murat prøvde å ta tilbake trona, men vart raskt tatt til fange og avretta av ein eksekusjonspelotong i Pizzo i Calabria. Året etter, i 1816, vart Kongedømet Napoli og Kongedømet Sicilia formelt slått saman til det nye Kongedømet Begge Siciliar.

Flagg i Kongedøma Napoli og Sicilia[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]