Bjørnestad i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørnestad
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 9[2][3]

Bjørnestad er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 9.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bjørnestad ligg på austsida av nordarmen til Skifjorden og grensar i nord til Myklebust, mot Rutle og Teige i nordaust og mot Vågane i sør.[3] Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane går over garden.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var fire bruk på garden frå 1876 og brukarane vart sjølveigande mellom 1805 og 1857. Garden var bondegods også i gammal tid, men han kom i eiga til kongen i 1617, og sidan var han ei tid del av Svanegodset, før ymse embetsmannslekter eigde bruka fram til leiglendingane kjøpte seg ut.[3]

Det har vore sag på Bjørnestad minst sidan 1600-talet, og det var også kvern der. Fiske har vore ein viktig del av næringsgrunnlaget.[4]

Landhandleri, post, kai og dampskipsstoppestad[endre | endre wikiteksten]

Det vart drive landhandel på garden frå 1908. Landhandleriet vart seinare flytt ned til sjøen og det vart bygd kai.[3] Oppsitjarane i Skifjorden hadde i eit par tiår arbeidd for å få Fylkebaatane til å leggje dampbåtrute innom fjorden, og då arbeidet førte fram kring 1920 kom Bjørnestad inn som stoppestad. Stoppestaden på Bjørnestad vart lagt ned i 1964.[5]

Frå 1908 var det brevhus på Bjørnestad, med postnummer 5945 BJØRNESTAD. I 1920 vart brevhuset omgjort til postopneri og postnummeret vart endra til 5945 SKIFJORD. Postopneriet vart nedlagt 1. mars 1968.[6]

Skifjorden skule og Skifjord bedehus[endre | endre wikiteksten]

Skulen for Skifjord-krinsen vart sett opp på garden, og det vart bygd eit bedehus der.[4] Skifjord bedehus var bygd av Gerhard Folkestad i 1914.[7]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av førenamnet Bjarni eller Bjørn og viser at det har vore drive gardsdrift på staden i 1000-1500 år.[3] I kjeldene er namnet skrive «Biørnestad» (NRJ. II 140), «Biørnnestadt» (1563), «Biørnestad» (1567), «Biørnstad» (1603 og 1608), «Biørnesta» (1667) og «Biørnstad» (1723).[8]

Bjørnestad er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Bjørnestad» i 1986, men avslo å godkjenne «Biørnastad» i 2006.[9]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 26. november 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 26. november 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Inger Kellmer (1990). «Bjørnestad : Gnr. 9». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 79. ISBN 8299219817. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Henta 26. november 2010. 
  5. Finn Borgen Førsund (1998). «Skifjorden». Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja Forlag. s. 75-76. ISBN 82-91722-04-8. 
  6. «Poststadsdatabasen til Postmuseet på Maihaugen».  Vitja 27- november
  7. «Hermund Kleppa: «Folkestad bedehus»». 
  8. «Oluf Rygh: «Bjørnestad» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». 
  9. «yr.no».  Vitja 26. november 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Vidare lesnad