Bjarne Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bjarne Aas (fødd 1886 i Oslo, død 1969) var ein norsk seglar og båtkonstruktør.

Han vert saman med Johan Anker og Colin Archer rekna mellom dei viktigaste båt- og yachtkonstruktørane på første halvdel av det 20. hundreåret.

Han studerte skipskonstruksjon på den tekniske høgskulen i Horten. Etter eksamen arbeidde han som båtkonstruktør i Fredrikstad, seinare i Bergen og Tønsberg. I 1916 grunnla Bjarne Aas Norsk Gearfabrikk AS i Fredrikstad.

Bjarne Aas er i det vesentlege kjend for design og bygging av 6mR yachtar, og for lansering av International One-Design båtar (IOD) i 1936. Han konstruerte og bygde fleire regattaseglarar av den internasjonale meter-klassen (10mR, 8mR og 5,5mR).

Første regattaseglbåten, «Askeladden», bygde han i 1922. Denne båten er nyrestaurert og er framleis i drift. I 1924 bygde han ein 6mR som vann gullmedalje i dei Olympiske Leikane i Paris. Dette gjorde han kjend som båtbyggar. På 30-talet konstruerte og bygde han ei rekke 6mR yachtar. og konstruksjonane hans gjorde han verdskjend.

I 1932 konstruerte Aas den første redningsskøyta, RS «Biskop Hvoslef». Fram til 1940 vart det bygd ytterlegare 14 redningsskøyter for Redningsselskapet etter Bjarne Aas sine teikningar. Aas-skøytene tok da utgangspunkt i redningsskøytene som Colin Archer hadde konstruert. Då skøytene no skulle ha motor hadde dei for dårleg oppdrift i akterskipet. Derfor la han ut akterskipet såpass mykje at skøytene fekk kryssarhekk. Dette skulle gi betre styring og hindre at båten grov seg ned under slep.

På 60-talet vart båtbyggarbransjen revolusjonert ved at plast, glasfiber og aluminium erstatta tre som byggemateriale. Bjarne Aas ønskte ikkje å innrette seg etter dei moderne byggjemetodane, sidan han meinte desse nye byggjemateriala var uforeinlege med hans fag som konstruktør. Dette førde til økonomiske problem for verksemda hans. I 1968 bad han om at verftet vart slege konkurs.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på bokmål oppgir som kjelde:

  • Bjørn Arhild Hansen Ersland: Båtbyggaren Bjarne Aas Universtetsforlaget AS Oslo, 1999