Colin Archer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Colin Archer

Colin Archer (22. juli 18328. februar 1921), fødd på Tollerodden i Larvik, død same stad, var båtkonstruktør og båtbyggjar. Han vart særleg kjend for konstruksjonen og bygginga av polarskipet «Fram» på oppdrag frå Fridtjof Nansen. I tillegg konstruerte og bygde han lystbåter, losbåtar og redningsskøyter. Båtar konstruert av han eller i same stil som losbåtene og redningsskøytene, vert gjerne kalla Colin Archer-skøyte.

Colin Archer-buktaNabljudenijøya i Karahavet vart namngjeve av baron Eduard Toll. Colin Archer bygde polarskipet hans «Zarja», som han nytta på ekspedisjonar i havområda nord for Russland, der han og skipet òg forsvann.

Archer Peak i Victoria Land i Antarktis er ein fjelltopp kalla opp etter Archer. Archer konstruerte både «Fram» og DS «Southern Cross» som vart nytta til tidlege ekspedisjonar til Antarktis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]