Bjarne Flem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bjarne Flem (30. september 19148. desember 1999) var ein norsk fiskar og politikar for Venstre. Han var stortingsrepresentant frå 1965 til 1973.

Flem vart fødd i Haram og voks opp på Flemsøya i Haram. Han var yrkesaktiv som fiskeskipper frå 1938 til han vart valt inn på Stortinget i 1965. Den høgste utdanninga hans var radio- og kystskippereksamen frå 1943.

I ungdommen var Flem formann i det lokale Ungdomslaget og var òg formann i Flemsøya fiskarlag 1936-1938. Han hadde styreverv i Sunnmøre fiskarlag frå 1948 til 1966, ein del av tida som formann. I 1947 vart han valt inn i kommunestyret i Haram og sat der éin periode, seinare ein periode til frå 1963 til 1966.

Frå 1961 til 1965 var han 1. vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal. I 1965 vart han valt inn og sat to periodar på Stortinget, fram til 1973. Då Venstre vart splitta i 1972 høyrde til Flem mindretalet i stortingsgruppa som vart verande i Venstre. Frå 1973 til 1977 var han igjen 1. vararepresentant.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]