Haram kommune
| Haram kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1534 |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Adm.senter | Brattvåg |
| Areal | 256 km² |
| Folketal | 8 965 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-) | Bjørn Sandnes (H) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.haram.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Haram kommune på Commons | |
Haram er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal.
Kommunen grensar i aust mot Vestnes og i søraust mot Skodje. Over Grytafjorden i sør ligg Ålesund kommune, og mot vest ligg øykommunen Giske. Mot nord ligg kommunene Sandøy og Midsund. Administrasjonssenteret i Haram er Brattvåg, med om lag 2300 innbyggjarar.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur på fastlandet, der dei tre største tettstadane også ligg. Frå sør mot nord ligg også øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya og Fjørtoft.
[endre] Tettstadar
Haram kommune har fire tettstadar, innbyggjartal pr 1.1.2009 i parantes:
[endre] Kommunen
Haram kommune vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. Den 1. januar 1890 vart den dåverande kommunen delt, og Roald kommune med 794 innbyggjarar vart oppretta. Haram kommune hadde 1.956 innbyggjarar etter delinga.[2]
1. januar 1965 vart den noverande storkommunen oppretta, på følgjande vis:
- Dåverande Haram kommune, med unntak av Myklebustområdet på Harøya med øyane vestafor (Uksøya, Storholmen m.fl.), som gjekk til Sandøy kommune, med 4.689 innbyggjarar
- Dåverande Vatne kommune, med unntak av Dryna og området på Midøya, som gjekk til Midsund kommune, med 2.260 innbyggjarar.
- Grytastranda, Søvik og Gamlem med øyane vestafor frå dåverande Borgund kommune, med 1.191 innbyggjarar.[3]
Ved opprettinga hadde den nye storkommunen dermed 8.140 innbyggjarar.
[endre] Næringsliv
Kommunen har mykje industri, der dei største bedriftene er STX Europe i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg og på Longva.
[endre] Kjende folk frå Haram kommune
- Per Oddvar Hildre (1950– ), kordirigent.
- John O. Longva, (1906–1988), fiskar og fabrikkskipspioner.
- Peder Olaus Alvestad,(1866-1903), folkehøgskulelærar, avisredaktør og songbokredaktør.
- Ingebrigt Davik,(1925–1991), forfattar, kringkastingsmann og barneunderhaldar.
- Ingebrigt Andreas Fjørtoft,(1859–1927), døvelærar
- Bjarne Flem, (1914–1999), fiskar og politikar
- Knud Leem, (1697-1774), prest, misjonær og språkforskar
- Olaus Fjørtoft, (1847-1878), journalist og politisk agitator
[endre] Fotnotar
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 58, vitja 17.februar 2010
- ↑ Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 61, vitja 17.februar 2010
| Kommunar i Møre og Romsdal | ||
|---|---|---|
| Sunnmøre | Giske · Haram · Hareid · Herøy · Norddal · Sande · Skodje · Stordal · Stranda · Sula · Sykkylven · Ulstein · Vanylven · Volda · Ørskog · Ørsta · Ålesund | |
| Romsdal | Aukra · Fræna · Midsund · Molde · Nesset · Rauma · Sandøy · Vestnes | |
| Nordmøre | Aure · Averøy · Eide · Gjemnes · Halsa · Kristiansund · Rindal · Smøla · Sunndal · Surnadal · Tingvoll | |