Bjarne Slapgard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Slapgard (11. november 1901–25. desember 1997), fødd i Verdal, var ein norsk forfattar og skulemann. Han var også eit ihuga målmenneske og han var formann i Noregs Mållag 1970–1971.
Han skreiv ei lang rekkje romanar, noveller, dikt, barnebøker og skodespel.
Bjarne Slapgard var styrar på Hardanger Folkehøgskule 1938–57.

