Bjorli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bjorli er ei bygd i Lesja kommune i Oppland. Bygda, som ligg fem kilometer aust for fylkesgrensa mot Møre og Romsdal og 57 km frå Åndalsnes, ligg 574 meter over havet.

Landbruk var hovudnæring. Frå om lag 1970 vart det satsa på turisme, særleg vinterturisme, då staden er kjend for å vere eit snøhol. Områda nord for bygda er i dag mykje utbygde med hytter og med skianlegg for alpinsport.

Europaveg 136 passerer gjennom bygda i retning aust-vest. Raumabanen trafikkerer Bjorli stasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950